Hopp til innhold

Me søkjer kafemedarbeider til vedovnsbakeriet vårt i Borgund!

Arbeidsgiver

Borgund Vedovnsbakeri AS

Sted

Nyheim 1, 6888 Borgund

Om jobben

Stillingstittel
Kafemedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, deltid 60%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

borgundvedovnsbakeri@gmail.com

Me søkjer kafemedarbeider til vedovnsbakeriet vårt i Borgund!


Har du lyst til å jobbe på ein stad der lukta av nysteikt brød, knitringa frå pizzaomnen og gode møte med folk er ein del av kvardagen?
Bakeriet vårt i Borgund treng ein blid og engasjert kafemedarbeider som vil vere med og gje gjestane våre den gode opplevinga som bakeriet er røynd for å gje.


Om jobben

Som kafemedarbeider er du ein del opplevinga folk får på bakeriet. Du vil vere ein sentral brikke på kjøkkenet, men også gjennom servering jobbe tett på både lokalfolk og reisande, og bidra til ein varm og avslappa atmosfære.

Arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Servering av bakverk, kaffi og enkle rettar

  • Lett førebuing og rydding i kaféområdet

  • Oppvask undervegs, og nedvask etter dagen

  • Bidrag til god flyt i ein liten, triveleg arbeidsplass

  • Køyring ved mindre ærend etter behov (dersom du har førarkort)

Me ser etter deg som:

  • er smilande og imøtekommande

  • både trivst i eit roleg, òg travelt miljø

  • kan jobbe sjølvstendig

  • handterer travle periodar med godt humør

  • gjerne har erfaring frå kafé eller service -- men det er ikkje eit krav

  • snakkar norsk og engelsk

Me kan tilby

  • Ein unik arbeidsplass med sjarm og god stemning

  • Varierte arbeidsdagar i eit lite og støttande team

  • Stabile og føreseielege arbeidstider gjennom heile sommarsesongen

  • Moglegheit for ekstra ansvar (me treng til dømes ein ekstra pizzaiolo) om du ønskjer det

  • Løn etter avtale

  • Gratis lunsj og mellommåltid, samt overskotsvarer du kan ta med heim!

Interessert?

Send ein kort søknad og CV til borgundvedovnsbakeri@gmail.com, og kom gjerne innom bakeriet og hels på! Ikkje nøl med å spørre oss dersom du har spørsmål til stillinga!


Kontaktperson for stillingen

Dagleg leiar

matias.askvik@gmail.com

Om bedriften

Borgund Vedovnsbakeri er eit nyopna bakeri i Borgund, 30 min frå Lærdal, på veg opp i fjellet. Her har me ope gjennom heile året, og sel brød og boller av surdeig, napolitansk vedfyrt pizza, toast og påsmurt, kaker og kjeks og god kaffi og kakao! Me har fokus på god service og gode matopplevingar, og har eit mål om at alle som kjem innom får ei heilskapeleg oppleving dei hugsar. Ta gjerne eit google-søk og sjå bilete og omtaler frå besøkande for å få eit utanfrå blikk!

Me er ei familiebedrift der Matias og Sarah er drivkrafta bak det heile, og også dei einaste faste bakarane. Sjølve produksjonslokalet (ein gamal bakekjellar me har satt i stand) ligg 200m frå bakeriet/kaféen, og kvar morgon køyrer me bort ferske bakervarer som skal seljast og nyttast i kaféen. Stillingane me lyser ut vil altså kun ha jobb i kaféen.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2ef9bf74-211d-4f41-97a7-76492633e38d

Sist endret

23. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

2ef9bf74-211d-4f41-97a7-76492633e38d

Lignende annonser

Laster lignende annonser