Hopp til innhold

Kjøkkenassistent (100 % mellombels stilling)

Arbeidsgiver

Bordgleder Kinn Kommune Kf

Sted

Hjellegata 2, 6900 Florø, Kinn, Vestland

Om jobben

Vi søkjer ein person som trivst med allsidig arbeid og har stå-på-vilje. Er du ein positiv og serviceinnstilt person som meistrar norsk både skriftleg og munnleg, og er fylt 18 år, vil vi gjerne høyre frå deg.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Alternativt kan du sende søknad via e-post til halvor@bordgleder.no

Hva vi ser etter

Vi søkjer ein person som trivst med allsidig arbeid og har stå-på-vilje. Er du ein positiv og serviceinnstilt person som meistrar norsk både skriftleg og munnleg, og er fylt 18 år, vil vi gjerne høyre frå deg.

Vi søkjer ein engasjert og påliteleg kjøkkenassistent i 100 % stilling fram til 31. desember 2026. Dette er ei flott moglegheit for deg som trivst i eit aktivt kjøkkenmiljø og ønskjer å bidra til gode matopplevingar. Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn søknaden din så snart som mogleg -- vi vurderer kandidatar fortløpande!

Arbeidsoppgaver

  • Førebuing og enkel tilbereding av mat

  • Pakking og logistikk

  • Reinhald og oppvask

  • Bidra til god flyt og orden på kjøkkenet

  • Samarbeid med andre tilsette for å sikre kvalitet og effektiv drift

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer

  • Nye og moderne arbeidslokale

  • Fokus på Bordgleder og gode matopplevingar

  • Rask tiltreding

  • God løn og pensjonsordning

Kontaktperson for stillingen

Halvor Halvorsen

Dagleg leiar

4665 9063

halvor@bordgleder.no

Om bedriften

Dagleg serverer Bordgleder mat til om lag 500 personar, frå Rogaland i sør til Romsdalen i nord. Hausten 2024 flytta Bordgleder inn i nye og moderne lokale i Hjellegata 2 i Florø. Vi er eit hektisk kommunalt føretak med base i Florø, og består av 7 medarbeidarar. Hovudkundane våre er bebuarar på institusjon og heimebuande i kommunar, men vi har òg større private verksemder som kundar. Vi er opptekne av å servere god, sunn og variert mat til alle.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9e471c75-09b0-435b-bd6e-7ee2fb0d7087

Sist endret

1. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

9e471c75-09b0-435b-bd6e-7ee2fb0d7087

Lignende annonser

Laster lignende annonser