Hopp til innhold

Tilkallingsvikar sjukeheim og heimetenesta, Leikanger

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Sted

Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Me treng fleire tilkallingsvikarar på Leikanger sjukeheim og i heimetenesta på Leikanger. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande. 

Arbeidsoppgåver:
  • Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Oppfølging av ernæring
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
  • Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Datakunnskap
  • Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner
  • For stilling i heimetenesta: førarkort
Personlege eigenskapar:
  • Løysingsfokusert
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Brennset Gjerland

Avdelingsleiar heimetenesta

91812767

anne.brennset.gjerland@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2c671829-7dac-4cd4-9214-3934b20b5b44

Sist endret

18. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3608417_194681_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser