Hopp til innhold

Leiar for dagaktivitetstilbod

Arbeidsgiver

Helse og omsorg

Sted

Skårdalsvegen 20, 5610 Øystese

Om jobben

Stillingstittel
Leiar dagaktivitetstilbod
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Er du vår nye leiar?

Me treng ein framtidsretta leiar for dagaktivitetstilbodet i helse og omsorg. Kommunen satsar på dagaktivitet og vil samla ansvaret for dette under same leiar. Leiaren får ansvar for å drifta og utvikla alle dagsentera i kommunen. 

Dagaktivitetstilbodet har ei nøkkelrolle for at eldre kan bu heima lengst mogleg og for å førebyggja einsemd og passivitet.

Avdeling for personar med utviklingshemming held til på Nordtunet ved Øysteseheimen. Her gjev ein dagaktivitetstilbod til personar som ikkje kan nyttiggjera seg av tilrettelagte arbeidsplassar. Aldersgruppa på Nordtunet er frå omlag frå 20- 70 år. Det er dagaktivitetstilbod for eldre i Ålvik, Øystese og Strandebarm.


Arbeidsoppgåver:

Leiaren må vera tydeleg i sine prioriteringar for åra framover, og det vil verta stilt krav og forventningar til mål og resultat for tenesta. Som leiar skal du sørgja for gode tenester til eldre heimebuande, personar med demens og personar med utviklingshemming. I tillegg vil ein ha rolla som leiar for hukommelsesteamet i heradet. Hukommelseteamet opplever ein auke i tal henvisningar og skal bistå med kartlegging og vurdering iht. mistanke om demens eller annan kognitiv svikt.

Andre oppgåver:

  • Ansvar for å organisera pårørandeskule annakvart år.
  • Ha god kjennskap til målretta miljøarbeid og korleis ein kan skapa meiningsfulle dagaktivitetar for brukargruppene. Praktisk arbeid i avdelinga må påbereknast ved fråvær eller ved behov.
  • Tett samarbeid med heimetenesta og andre samarbeidspartar.
  • God dialog med pårørande er sentralt for å skapa ein best mogleg kvardag for brukar.
  • Fag- personal og økonomiansvar for tenesta
  • Omstilling og endringsarbeid i tråd med heradet sine mål og strategiar (tenesteutvikling)
  • Samarbeid med pårørande/ansvarsgrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som  vernepleiar (eventuelt sjukepleiar med relevant erfaring og kompetanse.)
  • Relevant utdanning og/eller erfaring innan opplæring og undervisning er ein fordel
  • Leiarutdanning (t.d. nasjonal helseledarutdanning) eller vilje til å gjennomføra leiarutdanning
  • Gode norskkunnskapar både skrifteleg og munnleg

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Personlege eigenskapar

Vår nye leiar må vera trygg i faget sitt, og ha god kunnskap om brukargruppene.

Me ynskjer at du:

  • Har evne til å motivera, rettleia og engasjera
  • Ser ressursane hjå den enkelte brukar, og legg til rette for å oppretthalda desse så lenge det er mogeleg
  • Er samlande, tydeleg og trygg
  • Har gode og kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • Jobbar strukturert og tar ansvar for tildelte oppgåver
  • Er fleksibel, lojal og løysingsorientert
  • Bidreg til å skapa eit godt og lærerikt arbeidsmiljø og ein positiv kultur
  • Jobbar godt både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre

Me tilbyr

  • Ei spennande og lærerik teneste med varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Stillinga er på dagtid 37,5 t/v, for tida er kontorstaden ved Øysteseheimen
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, natt- tenesta og dagaktivitetstilbod, 948 86 215

Arbeidsstad

Skårdalsvegen 20
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5078390726
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Kjersti Soldal

Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, natt- tenesta og dagaktivitetstilbod

948 86 215

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2bd8e821-9ff6-4b92-8ee6-dedcb84f7969

Sist endret

3. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ba47455823d444cd8a2dea29dfff01b9

Lignende annonser

Laster lignende annonser