Hopp til innhold

Oppdrag som foreldremeklar

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Oppdrag som foreldremeklar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Om stillinga og arbeidsstaden

Vi treng ein meklar som er tilsett som fagperson i offentleg helse- og sosialinstans på Voss.


Arbeidsoppgåver

Foreldre med barn under 16 år må møte til mekling dersom dei flyttar frå kvarandre. Målet med meklinga er at foreldra skal komme fram til ei avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær. Avtala skal ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Foreldra må også møte til mekling før sak om foreldreansvar, fast bustad eller samvær kan bringast inn for domstolen. Plikta er lovbunden og følgjer av ekteskapslova og barnelova.

Dei fleste meklingane vert utførte av meklarar tilsette i familievernet. For å ha eit tilstrekkeleg dimensjonert meklarkorps, knyter Bufetat i tillegg til seg eksterne meklarar ved behov.


Kva bakgrunn har du?

  • Advokatar, psykologar, psykiatarar, prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn, eller fagpersonar tilsette i offentleg helse- og sosialinstans eller ved pedagogisk-psykologisk tenestekontor, kan få bevilling som ekstern meklar.
  • Meklaren må ha gode kunnskapar om vaksne og barn sine reaksjonar i og etter samlivsbrot, samt vere godt orientert om relevante faglege og juridiske problemstillingar. Før løyve vert gitt, må kandidaten delta på obligatorisk grunnkurs for meklarar og hospitere ved det næraste familievernkontoret.
  • For fagperson i offentleg stilling er det ein føresetnad at arbeidsgjevar tar på seg arbeidsgjevaransvar for meklaren. Arbeidsgjevaren, arbeidstakaren og Bufetat må inngå ei avtale om dette.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Honorar vert gitt etter faste satsar. 
  • Oppdrag etter behov.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.


Kontaktpersoner for stillingen

Alice Tunestveit

Einingsleiar

+47 466 18 902

alice.tunestveit@bufetat.no

Tore Lied

Seniorrådgjevar/ jurist

+47 466 18 997

tore.lied@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

29d6f88d-22dd-4b38-b440-f09b50cd11ee

Sist endret

7. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10302969

Lignende annonser

Laster lignende annonser