Hopp til innhold

Rådgjevar

Arbeidsgiver

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn Regional

Sted

Elvegata 22, 6993 Høyanger

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Har du pågangsmot og engasjement? Ønskjer du å gjere ein skilnad? Kanskje trivst du i tillegg med stor variasjon i arbeidsoppgåver? Då kan jobb hjå oss vere akkurat den jobben du ser etter! 

Teamet du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Til saman har vi ansvar for sjukefråværsoppfølginga for Nav region Sunnfjord. Vi er spreidd på fleire lokasjoner – og vi treng deg som kan jobbe i Høyanger og omegn.  

Avdelinga vår jobbar tverrfagleg; det vil seie at vi jobber saman med alle Nav-kontora i regionen i tillegg til at vi samarbeider med arbeidsgjevarar, helseapparat og mange andre samarbeidspartar. Vi har høgt arbeidstempo og endå høgre trivselsfaktor, spesielt om du liker å jobbe effektivt, sjølvstendig og strukturert. Har du stor interesse for fagfeltet innan sjukefråværsoppfølging, så kan vi tilby deg god opplæring frå eit godt fagmiljø kor interessa di kan blomstre ytterlegare. 

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er felles Nav-kontor for kommunane Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad. Kontoret har litt over 60 tilsette, organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonar i alle kommunane.

Kva går jobben ut på?

  • arbeidsretta sjukefråværsoppfølging og rettleiing
  • saksbehandling etter dei lover Nav er sett til å forvalte
  • tett samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar

Det kan kome endringar i oppgåver som følgje av endra behov hos innbyggarar og/eller organisasjonen elles.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • fullført utdanning på minimum bachelornivå.  Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, både skriftleg og munnleg 
  • god digital kompetanse 
Det er ein fordel om du har
  • erfaring fra rettleiing og brukaroppfølging 
  • kunnskap om arbeidsmarknaden 
  • erfaring frå samhandling med arbeidsgjevarar og behandlarar
  • førarkort klasse B 

Kva vi ser etter hos deg?

  • du likar å samarbeide og bidra aktivt i det kollegiale fellesskapet
  • du jobbar strukturert og sjølvstendig
  • du har gode samarbeidsevner og syns det er spennande å samarbeide med næringslivet
  • du har stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og kreativitet
  • du er engasjert, blid og positiv 

Kvifor velje oss?


  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar 
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
  • stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgiver med årsløn frå kr. 622.000 til kr. 640.000. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.

Kontaktinformasjon

Solbjørg Grøneng, Avdelingsleiar Nav Sunnfjord og Ytre Sogn, 91395111, solbjorg.groneng@nav.no

Arbeidssted

Elvegata 22
6993 Høyanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5125514261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Solbjørg Grøneng

Avdelingsleiar Nav Sunnfjord og Ytre Sogn

91395111

solbjorg.groneng@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

29c25c4d-bb5b-4da5-a0af-c945490e33f4

Sist endret

28. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0cb8183218934f02ba0db29318623f00

Lignende annonser

Laster lignende annonser