Sjukepleiar
Høyanger kommune Legetenesta
Storgata, 6993 Høyanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. juni
Hovudkontoret ligg i Høyanger tettstad med 5 fastlegar, LIS1- lege, kommuneoverlege og 40% tilsynslege ved ein institusjon /helsestasjonslege. Legetenesta har helsepersonell som sjukepleiarar/helsefagarbeidar og laboratorium. I tillegg er det utekontor i Lavik og Søreide som vert betjent med lege og helsepersonell frå hovudkontoret i Høyanger. Vi har moderne IKT- system og har eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 100% stilling frå medio august 2026.
Arbeidstidsordning: dagtid.
Stillinga er stasjonert i Høyanger, men den som ver tilsett må pårekne arbeid også på utekontora.
Arbeidsoppgåver:
- Assistere lege ved konsultasjonar
- Oppfølging av pasientar som etter avtale med fastlege kan følgjast opp av sjukepleiar
- Triage av pasientar til legevakt
- Laboratorium/skiftstovearbeid/prosedyrar knytt til pasientbehandling
- Medikamenthandtering
- Posthandsaming/arkivering og anna førefallande kontorarbeid
- Sjukepleiarutdanning.
- Relevant erfaring og vidareutdanning er ein føremon
- Førarkort kl B
- God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i nye verktøy og være delaktig i den digitale utviklinga i samhandling med andre samarbeidspartnarar
- God munnleg/skriftleg kunnskap i norsk
- Positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
- Målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
- Trivst i ei utadretta rolle der du har mykje kontakt med pasientar
- Fleksibel og har gode samhandlingsevner
- Tek ansvar for eiga fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr- Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
- Sjukepleiar startar på 8 års ansiennitet. Ved 16 års ansiennitet 15 000 i lokalt tillegg.
- God pensjonsordning gjennom KLP
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest.
Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Lurer du på korleis det er å arbeide ved legetenesta eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Kontakt Siri Maureira på tlf 478 72 806 (kl. 08.00-15.30) hennar erfaringar.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Siri Maureira
+47 478 72 806
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
135d11ab-3e47-4908-abba-d430edce8ad4
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3635535_178613_nn