Hopp til innhold

Psykolog/ psykologspesialist

Arbeidsgiver

Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog/ psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vil du vere med på laget vårt?

Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med stort mangfold. Dette meinar vi er viktig for å løyse dei oppgåvene vi er sett til. Vi ønskjer difor at dette mangfaldet skal speglast blant søkjarane til stillingane våre og oppfordrar alle til å søkje, uavhengig av kven du er, og kva bakgrunn du har.

Seksjonen vår har no ledig fast stilling som psykolog/ psykologspesialist. Vi er ein del av Avdeling for psykisk helsevern barn og unge. Avdelinga er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, samt ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Som psykolog ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfagleg team med bl.a. psykologspesialist, overlege, pedagog og sjukepleiar.

Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her.

Poliklinikken vår har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Vi strekk oss langt for at psykologar skal få best mogelege faglege utviklingsbetingingar. Vi legg også, om ønskeleg, til rette for at du kan ta heile spesialiseringsløpet utan forsinking i helseforetaket vårt.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
  • Pårørande- og familiesamtalar
  • Psykoedukasjon
  • Medvirke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
  • Ta del i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring av verksemda
  • Samhandling med kommunene, bistå med rådgjeving og rettleiing
  • Ambulant behandling der det er føremålstenleg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog eller psykologspesialist
  • Psykolog med lisens kan også søkje 
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar 
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, eller med barn og ungdom, er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
  • Du er god til å kommunisere med pasientar og medarbeidarar
  • Du arbeidar strukturert og målretta

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, Toril.Kvisvik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5074885959
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Toril Kvisvik

Konst. seksjonsleiar

+47 95781432

Toril.Kvisvik@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

25f34efe-f1e8-4610-8186-67ed74de1a53

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

34868babdf8c411f9bbcccba643bc4bc

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kristiansund N

Arbeidsgiver

Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kristiansund N