Psykologspesialist
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykologspesialist
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. desember
Vil du vere med å forme framtidas psykiske helsetenester?
Vi har no behov for psykologspesialist, og vi gir rekrutteringstillegg til psykologspesialist. Vi har eit breitt og godt fagmiljø, og vi er ein sosial gjeng der tilsette tar initiativ til sosiale aktiviteter både felles og innad i teama.
Poliklinikken vår tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR behandling, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.
Poliklinikken har også behov for å videreutvikle sin kompetanse på fleire andre områder. For tida er aktuelle satsningsområder vidareutvikling av kompetanse på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP). Det er ønskjeleg med kompetanse innanfor disse områdane, men dersom ein ikkje har spesifikk kompetanse innanfor desse, vil det leggjast til rette for kompetanseheving. Kompetanse på behandling av andre lidingar innan psykisk helsevern er også ønskjeleg.
Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 13,5 stillingar for psykologspesialist. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam, eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.
Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknyting, og kva fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med. Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering av pasientar
- Behandling av pasientar individuelt og i gruppe
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter og pasientdrøftingar
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet
- Rettleie internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog og godkjenning som psykologspesialist
- Psykolog som har 1 år igjen av spesialiseringen kan også søkje
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskaper (minimum B2-nivå)
- Sertifikat klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og målretta
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
- Du kommuniserer godt både internt og eksternt
- Du liker å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø der vi samlast til felleslunsj på pauserommet, vi inviterer til frokost og er på tur i nærområdet
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
- Fleksibel arbeidstid
- Psykologar som nærmer seg ferdig spesialisering vil kunne vurderast for konstituering som spesialist
- Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement
- Studiepermisjon 4 mnd kvart 5. år for spesialistar
- Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning
- Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
- For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kristiansund er ein levande kystby med stolte tradisjonar og eit rikt kulturliv. Byen har eit moderne kulturhus som byr på konsertar, teater og spennande framsyningar gjennom heile året. Her finn du ein unik kombinasjon av historie og identitet, med klippfisktradisjonen som ein viktig del av byens særpreg og matkultur.
Like utanfor sentrum ventar spektakulære naturopplevingar. Den verdskjende Atlanterhavsvegen slyngjer seg gjennom eit dramatisk kystlandskap, og du kan vitje idylliske fiskevær og utforske flotte turmoglegheiter langs havet. Kristiansund er òg lett tilgjengeleg – med eigen flyplass og fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, er byen eit naturleg knutepunkt for både vitjande og pendlarar. Les meir om byen vår her
Kontaktinformasjon
Jørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 92849056, Jorgen.Legreid@helse-mr.noArbeidsstad
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5051969935
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f563ac5f-a508-452b-8244-482a0ea0d238
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9be8efdcd2534b13885ce0bc412350e9
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N
Arbeidsgiver
AVDELING FOR PSYKISK HELSEVERN BARN OG UNGEHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N, Volda, Molde, Ålesund
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N