Hopp til innhold

Pedagog og historieformidlar

Arbeidsgiver

Jærmuseet

Sted

Storgata 28, 4307 Sandnes

Om jobben

Stillingstittel
Pedagog og historieformidlar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Pedagog med historiekompetanse

Bankar hjartet ditt for lokalhistorie, kulturarv og levande formidling? Som pedagog hjå oss får du løfta fram Sandnes by og regionen si spennande fortid for både små og store.

Hos oss blir du ein del av eit variert formidlarteam på Vitenfabrikken, der historikarar, realfagspedagogar, samlingsforvaltarar og andre museumstilsette jobbar tett saman. Som kombinert museum og vitensenter har me eigen verkstad, planetarie, makerspace og utstillingar som inviterer til utforsking. Du får samarbeida på tvers av fag og bidra til praktisk undervisning for rundt 20 000 barn i løpet av eit år. Du får vera med og skapa gode opplevingar som engasjerer alt frå barnehagebarn, skuleelevar, studentar og lærarar.

Vitenfabrikken leverer variert undervisningsopplegg både direkte til skular, og i samarbeid med Den kulturelle skulesekken med fokus på Sandnes by si historie.

nettsida vår kan du lesa meir om undervisningsopplegga me tilbyr i dag.


Dette får du jobba med:

  • Gjera historia levande for barn og unge gjennom praktiske læringsmetodar og gode forteljingar
  • Formidla til alle slags publikumsgrupper, frå små nysgjerrige til vaksne entusiastar
  • Utvikla gilde undervisningsopplegg
  • Gi lærarar fagleg påfyll gjennom kurs
  • Skapa liv på aktivitetsdagar og arrangement
  • Synleggjera tilboda våre for skulane
  • Halda styr på bookingar
  • Vera med i utstillings- og prosjektarbeid
  • Historisk dokumentasjonsarbeid og forsking kan vera aktuelt
  • Hoppa inn der avdelinga treng ein ekstra hjelpar 
  • Stilla opp der det trengst i organisasjonen

Vitenfabrikken - full av energi og opplevingar

Vitenfabrikken er eit kombinert museum og vitensenter, og er den største avdelinga i Jærmuseet. Kvart år strøymer rundt 70 000 nysgjerrige gjester inn dørene våre. 

Vitenfabrikken fortel den spennande historia om Sandnes og regionen si rike industriarv, og viser fram ting frå den varierte samlinga vår. Her blir òg realfag, matematikk og teknologi gjort levande, og gjerne litt utfordrande for både barn, unge og eldre. 

Me har store samlingar av byens industriprodukt, som leirgods og syklar, og i anlegget finn du òg Krossens havremølle, ei autentisk mølle frå 1912 der maskineriet står slik det gjorde då produksjonen stoppa i 1988.

Midt i Sandnes sentrum kan store og små utforska fleire etasjar fulle av interaktive installasjonar, utstillingar og aktivitetar som inviterer til leik, læring og eksperimentering. 


Kva bør søknaden din innehalda?

For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:

  • Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten?
  • Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss?
  • Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge.
  • Har du relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv? 
  • Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din.
  • Me blir glade for søknadar som er litt utanom det vanlege. Du må gjerne bruke KI som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane.

Me ser etter deg som

Har følgjande kvalifikasjonar:
  • Har fullført høgare utdanning innan historie eller kulturhistorie
  • Har fullført praktisk-pedagogisk utdanning
  • Har stor interesse for Sandnes by si historie og regionen si industrihistorie
  • Har interesse for immateriell kulturarv og handboren kunnskap
  • Gjerne har interesse for naturvitskap i tillegg
  • Brenn for praktisk læring
  • Kan formidla både på norsk og engelsk
Kjenner deg igjen i at du:
  • Har stor glede av å formidla historie til folk i alle aldrar og gjerne med ekstra iver til barn og unge
  • Kan smitta realfagspedagogane i teamet med historieglede
  • Framleis smiler sjølv om det er litt hektisk
  • Jobbar fint både på eiga hand og i team, og tek ansvar når det trengst
  • Ikkje er redd for å bretta opp erma og hjelpa til der det skjer
  • Trivst rundt folk og bidreg til god stemning
  • Har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Dette tilbyr me

  • Engasjement i 100 % stilling i 18 månadar
  • Ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg og engasjert miljø
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Engasjerte og dedikerte kollegaer med mykje ulik og unik kompetanse
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode ordningar: pensjonsavtale, personforsikringar og behandlingsforsikring
  • Fleksibel arbeidstid, primært måndag til fredag
  • Løn etter avtale

Rekrutteringsprosessen vår

Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande:

Etter søknadsfristen:
  • Me les og vuderer alle søknadar grundig opp mot krava i utlysinga
  • Dersom du ikkje går vidare i prosessen får du beskjed så snart me har gjennomført første vuderingsrunde
For aktuelle kandidatar:
  • Du blir invitert til intervju. Samtidig vil du få ei lita oppgåve som skal løysast og presenterast i intervjuet (5-10 minutt presentasjonstid)
  • Ved behov gjennomfører me to intervjurundar
  • Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling
Til slutt:
  • Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
  • Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart

Mangfald og tilrettelegging

Ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkja.

Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?

Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.


Kontaktperson for stillingen

Cathrine Trettenes

Konstituert avdelingsleder

+4795936383

ctr@jaermuseet.no

Om bedriften

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal, Sola, Randaberg og Sandnes - og vitensenter for heile Sørvestlandet.

Gjennom trygg forvaltning av samlingane, sørgjer me for at kunnskapen frå Jæren blir bevart og gjort tilgjengeleg.

Me dokumenterer og formidlar den nyare historia til regionen, samtidig som me skapar nysgjerrigheit og læringsglede innan naturvitskap og teknologi.

Jærmuseet har årleg omtrent 200 000 besøkande.

Med 12 unike besøksstadar og eit omreisande vitensenter byr me på alt frå interaktive utstillingar og forrykande show til levande gardstun, unik flysamling og eit historisk fyr. 

Jærmuseet er prisvinnande både nasjonalt og internasjonalt, og me er stolte av å vere ein kreativ møteplass der kulturarv, realfag og teknologi går hand i hand. 

Hjå oss blir du del av eit engasjert fagmiljø med rundt 80 årsverk, og får vera med å forma framtida for læring og oppleving!

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24bc08f0-bb06-4c4c-8087-ade128b7fb4e

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10287210

Lignende annonser

Laster lignende annonser