Hopp til innhold

Koordinator - rådgjevar - lærer i norsk, historie og samfunnskunnskap

Arbeidsgiver

Rogaland fylkeskommune

Sted

Hetlandsgata 27, 4349 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Koordinator- rådgjevar - lærer i norsk, historie og samfunnskunnskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Vi ser et deg som har følgjande kvalifikasjonar:

  • Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i fellesfaga som er etterspurt for å undervise på yrkesfagleg- og studiespesialiserande retning, samt brei forståing for det vidaregåande opplæringssystemet. 50% av stillinga er rådgjevar/tilretteleggjar. Det blir lagt stor vekt på evne til sjølvstendigheit i arbeidet.
     
  • For den som blir tilsett krevs det ei fleksibel innstilling og evne til tilrettelegging av undervisninga, alt etter den individuelle faglege ståstaden til eleven. Vi har gjennom skuleåret heile tida elever som kjem og elever som sluttar. Vi treng difor ein lærar som raskt tilpassar seg undervisninga i forhold til elevgruppa som til ein kvar tid er på skulen.
     
  • I vårt arbeid blir det lagt stor vekt på å utvikle profesjonelle relasjonar til våre elevar. Og parallelt med fagleg arbeid og læring blir relasjonar etablert som ein inngang til samtalar om fleire aspekt ved livet. Om fortid, nåtid og framtid. 
     
  • Elevane våre sin identitet skal vernast og utviklast. Dei skal anerkjennast uansett ulikheitar  og dei skal klare å ta eigne sjølvstendige val i eit samfunn dei kjenner tilhørighet til. 
     
  • Leiarerfaring
     
  • Erfaring frå fengselsundervisning
     
  • God kjennskap til kartleggingsverktøy i ulike fag samt erfaring/kompetanse som kan bidra til å utreia lese -og skrivevanskar.
     
  • Gode norskkunnskapar.
     

    Godkjent politiattest er krevd ved tilsetjing. 


Vi ser etter deg som:

  • Ein tydeleg lærar som trivest med og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar 
  • Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
  • At du har gode digitale ferdigheiter 

 

Personleg eignaheit vil bli vektlagd


Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:

  • Ein jobb med meining
  • Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
  • Høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Ein stabil og trygg arbeidsgivar
  • Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • Offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
  • Moglegheit for støtte til kompetanseutvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Vårt samfunnsoppdrag 

Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.

Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:

  • bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
  • sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
  • bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
  • bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
  • arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt

Søknaden din bør innehalde:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
  • Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Korleis søkje på stillingar hos oss:

Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.

CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.

Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar

Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.

Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!

Sjå gjerne våre andre ledige stillingar her:
(Lenkje når tilgjengeleg)


Jobb med meining

Jobb med meining

Video: https://youtu.be/gLB4c74XJ24

Kontaktperson for stillingen

Haarr, Per Olav

Avdelingsleder

90870890

per.olav.haarr@skole.rogfk.no

Om bedriften

Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2200 elevar og 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning, innføringsklassar og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har vi fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområder er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen. 

Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no


Frå 01.09.2026 er det ledig ei 100% fast stilling ved Bryne vgs avd. Åna Fengsel som skal dekke koordinering/rådgiving og lærer i faga norsk, historie og samfunnskunnskap.

Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4300 ansatte. Vi jobber sammen for et grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

06f314b2-ffa0-459c-8fcc-d72c2e978201

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293775

Lignende annonser

Laster lignende annonser