Butikkansvarleg på Vitengarden
Jærmuseet
Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Om jobben
- Stillingstittel
- Butikkansvarleg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 13. mai
Ein litt uvanleg butikkjobb
Som butikkansvarleg og den som tar imot gjestene på Vitengarden får du ein variert kvardag med både butikkdrift og møte med publikum.
Du har ansvar for museumsbutikken – frå vareutval og nye leverandørar til utstillingar, kampanjar og justeringar ut frå marknad og trendar.
I møte med gjestene sel du billettar og årskort, ønskjer familiar, grupper og elevar velkomne og gir dei eit godt førsteinntrykk av Vitengarden. Du bidreg òg der det trengst i kvardagen, til dømes med borddekking til arrangement, planlegging og vertskap på aktivitetsdagar, eller ved årleg vedlikehaldsveke. Når kyrne skal skifta beite, treng me òg ei hjelpande hand.
Du trivst med digitale verktøy som kassesystem, booking og e-post.
Du får òg høve til å læra opp ungdommar som er – eller skal bli – vertar hos oss, i butikk, billettsal og god vertskapsrolle. Du blir ein del av eit gildt team på Vitengarden, med mykje ulik og unik kompetanse.
Dette får du jobba med:
- Driva og utvikla museumsbutikken på Vitengarden – frå vareutval og utstilling til fakturagodkjenning
- Profilera butikkvarene i sosiale medium og bidra til synleg og freistande butikkinnhald
- Halda oversikt over omsetning, følgja med på sal og gjera smarte justeringar undervegs
- Vera superbrukar på kassesystemet
- Selja billettar og årskort og registrera besøkande
- Gi gjestene god informasjon om tilbodet på Vitengarden og vera eit imøtekomande og trygt vertskap
- Vera første kontaktpunkt for gjester og andre på telefon og e-post
- Læra opp vertar i butikk, billettsal og god vertskapsrolle
- Oppdatera og laga skriftlege intruksjonar for ulike system
- Oppdatera infoskjermar, plakatar og skilt
- Enkel redigering av nettsida
- Publisera aktivitetar i sosiale medium med støtte frå kommunikasjonsmedarbeidar i Jærmuseet
- Gjennomføra HMS-rundar i utstillingane, inkludert å slå dei av og på
- Bidra der avdelinga treng ein ekstra hjelpar ved arrangement, aktivitetsdagar og praktiske oppgåver i kvardagen
- Orientera gjestene om tilbod på andre anlegg i Jærmuseet
- Stilla opp eller bidra med kunnskap der det trengst i organisasjonen
Vitengarden – opplevingar for heile familien
Vitengarden er eit kombinert museum og vitensenter der store og små kan læra ved å gjera. Her kan gjestene utforska naturvitskap, teknologi og matproduksjon gjennom utstillingar og aktivitetar som inviterer til nysgjerrigheit, leik og praktisk prøving.
Midt i det jærske kulturlandskapet på Nærbø møter ein både moderne utstillingar og museumsgard. Her kan ein finna ut kor maten kjem frå, bli kjend med dyra på garden og oppleva samanhengen mellom natur, teknologi og kvardagsliv – frå jord til bord.
Vitengarden er ein del av Jærmuseet og er ein populær møteplass for familiar, skuleklassar og grupper som vil utforska og oppleva saman.
Kva bør søknaden din innehalda?
For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:
- Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten?
- Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss?
- Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge.
- Har du relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv?
- Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din.
- Me blir glade for søknadar som er litt utanom det vanlege. Du må gjerne bruke KI som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane.
Me ser etter deg som
Har følgjande kvalifikasjonar:- Stor interesse for butikkdrift og sal, og lyst til å utvikla ein butikk som er både relevant og innbydande
- Gjerne har fagbrev innan sal- og butikkfag, eller annan relevant utdanning/erfaring frå butikk og varehandel
- Erfaring med eller god forståing for vareutval, presentasjon av varer og enkel salgsoppfølging
- Digital tryggleik og interesse for system, inkludert kassesystem
- Erfaring med å bruka sosiale medium, som Facebook og Instagram, til enkel marknadsføring av varer og tilbod
- Gjerne ha erfaring frå enkel bruk av InDesign eller anna designverktøy
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (nynorsk), samt greie engelskkunnskapar.
- Bryr deg om korleis ein butikk ser ut, fungerer og opplevast for kundane
- Likar å ta ansvar og følgja ting heilt i mål
- Trivst i møte med publikum og er naturleg imøtekomande
- Held hovudet kaldt og oversikta oppe når det er travelt
- Jobbar sjølvstendig, men spelar andre gode
- Er fleksibel og stiller opp når teamet treng det
- Er nysgjerrig, lærevillig og motiverast av ein variert arbeidskvardag
- Har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Dette tilbyr me
- Fast 100% stilling
- Ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg og engasjert miljø
- Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
- Engasjerte og dedikerte kollegaer
- Gode ordningar: pensjonsavtale, personforsikringar og behandlingsforsikring
- Arbeidstid primært måndag til fredag
- Løn etter avtale
Mangfald og tilrettelegging
Ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkja.
Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.
Rekrutteringsprosessen vår
Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande:
Etter søknadsfristen:- Me les og vuderer alle søknadar grundig opp mot krava i utlysinga
- Dersom du ikkje går vidare i prosessen får du beskjed så snart me har gjennomført første vuderingsrunde
- Du blir invitert til intervju og truleg får du ei lita oppgåve du skal presentera kort under intervjuet
- Ved behov gjennomfører me to intervjurundar
- Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling
- Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
- Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart
Kontaktperson for stillingen
Helene Østby Larsen
Avdelingsdirektør
+47 45 25 48 17
Om bedriften
Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar, i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus.
Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.
"Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem." Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid
Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
826b97bc-8bcc-458f-928b-0cdff2be51a6
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290909