Hopp til innhold

Vil du bli lærling i Kvinnherad kommune?

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Lærling

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Kvinnherad kommune har ledige læreplassar innan fleire fagretningar frå hausten 2026 

Vi søkjer etter lærlingar innanfor desse faga, men vi oppfordrar også kandidatar frå andre fag til å ta kontakt.

  • Helsefagarbeidar
  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Byggdrifter

 

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått Vg1 og Vg2 innanfor det aktuelle faget
  • Beherska norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøva yrket forsvarleg
  • Dokumentert fråvær

Vi legg vekt på at du har personleg kompetanse som passar til jobben. Vi søkjer etter deg som er motivert og ønskjer å gjera ein god jobb til å gjennomføra læretida. Du er lærevillig og har evne til å ta i mot rettleiing. Du tar initiativ, er sjølvstendig og har engasjement for faget, samt at du tek ansvar og er punktleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.

 

Som lærling hos oss får du

  • Lærekontrakt og arbeidsavtale
  • Løn under læreløpet etter gjeldande tariff
  • Oppfølging av fagleg leiar og instruktør
  • Intern opplæringsplan i henhold til opplæringslova
  • Evaluering undervegs i læretida
  • Godt arbeidsmiljø
  • Garantert full stilling for helsefagarbeidar- og barne- og ungdomsarbeidarlærlingar ved fullført og bestått fagprøve etter ordinær læretid og etter gitte kriterier.


Arbeidsoppgåver som lærling

  • Følgja den daglege drifta i det faget du går i lære - du jobbar 100% stilling i heile læretida
  • Delta i opplæringa gjennom å løyse oppgåver i praksis
  • Delta i opplæringa gjennom å løysa teoretiske oppgåver etter læreplanen i faget
  • Delta aktivt, ta initiativ og stille førebudd til rettleiing
  • Deltek aktivt for å nå mål i opplæringa og deltek i planlegginga og vurdering av eiga læringsarbeid
  • Følgje plikter og rettigheitar i arbeidslivet
  • For helsefagarbeidar gjeld det turnus, dag- og kveldsvakter og kvar 3. helg, samt helligdagar og høgtid som ligg i turnus


Sjølv om du er registrert i Vigo, ber vi om at du søkjer her. 

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

24636979-bdf8-4d07-8af6-afaf7138838b

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3587681_242421_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser