Miljøveileder
Stryn Kommune
Perhusvegen 33, 6783 Stryn
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøveileder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 15. mai
Vi har frå hausten ledig stilling som miljøveileder i vårt miljøveilederteam for skulane i Stryn kommune.
Stryn kommune har ein desentralisert skulestruktur, med om lag 930 elevar. Tre av skulane er organisert som oppvekstsenter, ein 1 – 10 skule, to 1 – 7 skular og ein ungdomsskule med 8. – 10. trinn.
Stryn kommunen har for nokre år sidan etablert eit miljøveilederteam med no 3 miljøveiledarstillingar som jobbar på tvers i Stryn kommune. Vi søker etter ny miljøveileder i fast stilling for å fylle teamet frå hausten. Er du den nye kvardagshelten vi treng til teamet ?
Teamet er organisert under oppvekst etaten og rapporterer i dag til kommunalsjef oppvekst. Desse stillingane skal vere ressurs for alle elevane / skulane i kommunen men vil i hovedsak plasserast ved dei 3 største skulane i kommune.
Teamet skal samarbeide tett med og rettleie pedagogar, assistentar og leiing ved skulane våre.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane i Stryn kommune
- Bidra til meistringsopplevingar og positiv utvikling for barn og unge i Stryn kommune
- Tidleg innsats – vere eit første linje tiltak
- Følgje opp enkeltelevar i skule og SFO
- Organisere og koordinere elevaktivitetar samt delta i fysisk aktivitet
- Jobbe på systemnivå med fokus på førebygging
- Samarbeide tett med og rettleie andre tilsette/leiinga og foreldre
- Samarbeid med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning som t.d. barnevernspedagog, vernepleier, sosionom eller anna relevant høgare utdanning på bachelor-nivå.
- Ønskjeleg med erfaring frå skule/SFO eller anna arbeid med barn og unge
- Fordel med erfaring frå arbeid med born og unge. ( innanfor spesialundervisning eller barn med spesielle behov )
Personlege eigenskapar
- Evne til å bygge gode relasjonar med elevar, tilsette og foreldre
- Vere ein tydeleg, forutsigbar og trygg vaksen
- Evne til å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og i team
- Evne til å kunne sjå hemmande (risikofaktorar) og fremmande faktorar i klassemiljø/elevmiljø og jobbe aktivt for ei positiv utvikling
- Må kunne vere mobil og ha høg grad av fleksibilitet
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Må ha sertifikat og disponere eigen bil
Vi tilbyr
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår
Krevande arbeid i positivt miljø
Tilsetting etter lover og avtaler
Den som tilsettast må levere politiattest av ny dato og ein må pårekne å oppgje referansar
Stillinga utførast i komprimert arbeidsår, der ein jobbar fulltid i skuleåret. Stillinga er på 89%
Kontaktinformasjon
Ingrid Sylvia Renberg, Kommunalsjef oppvekst , 95161165Anne-Siv Jevnehagen, Konsulent HR-avd., 959 36 952
Arbeidsstad
Perhusvegen 336783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5121739745
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Anne-Siv Jevnehagen
Konsulent HR-avd.
959 36 952
Ingrid Sylvia Renberg
Kommunalsjef oppvekst
95161165
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2420e2fd-c8bd-4db4-8dc8-c31d4051ba2b
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0bdc63ae80b1420c8a67180e944e7233