Løysingsorientert vaktmester – Fjordane folkehøgskule – Nordfjordeid
Fjordane Folkehøgskule
Skulevegen 32, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Fjordane folkehøgskule søkjer ein praktisk og løysingsorientert vaktmester i 60 % vikariat. Stillinga omfattar drift og vedlikehald av bygg og uteområde. Du får ei viktig rolle i å sikre ein trygg og triveleg kvardag for alle. For den rette søkjar kan det vere aktuelt med utvida stilling.
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Vaktmester
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Send søknad til
Hva vi ser etter
-
Du er praktisk og løysingsorientert
-
Du jobbar sjølvstendig og strukturert
-
Du har gode samarbeidsevner
-
Du er serviceinnstilt og påliteleg
-
Du trivst i eit miljø med ungdom
Arbeidsoppgaver
-
Dagleg vedlikehald av bygg og uteområde
-
Enkle reparasjonar og praktisk arbeid
-
Tilsyn med tekniske anlegg og installasjonar
-
Drift og stell av uteområde (inkludert brøyting ved behov)
-
Kontakt og samarbeid med leverandørar og handverkarar
Vi tilbyr
-
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
-
Varierte arbeidsoppgåver
-
Ein meiningsfull arbeidsplass i eit levande skulemiljø
-
Lønn og vilkår etter gjeldande avtaleverk
-
Moglegheit for utvida stilling
Du får ein arbeidsplass som tar ansvar:
-
Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert og tar miljø- og samfunnsansvaret vårt på alvor
-
Vi brukar Fairtrade-produkt som styrkar bønder og arbeidarar i fattige land
-
Vi er Debio bronsegodkjent, dvs. minst 15% av matserveringa vår er økologisk
-
Vi er ein klimamotivert skule som vil bidra til å gjere verda til ein betre stad for alle
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom den største fastlandsbreen i Europa og det villaste havet i Noreg ved Stad ligg Nordfjord. I midten av denne vakre fjorden finn du folkehøgskulen vår - i smørauget av Nordfjordeid sentrum. Her kan du oppleve alt frå spektakulære fjellturar, til surfeparadiset i Hoddevika og eit rikt kulturliv -og alt i mellom. Er du glad i musikk kan vi freiste med både musikkfestivalen Malakoff og Operahuset Nordfjord. For deg som er historieinteressert kan vi også nemne at vi har Noregs einaste kvinnelege helgen, Sankt Sunniva, lenger ute i fjorden.
På Fjordane Folkehøgskule har vi heile 9 spennande linjer, så her ligg alt til rette for at elevane skal få gjere det dei likar aller best, og samtidig få prøve ut nye aktivitetar.
På sommarhalvåret fungerer skulen som konferansesenter og har gjestar frå heile verda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0bc70b1e-25e1-435c-8c0c-47257c8a01c5
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0bc70b1e-25e1-435c-8c0c-47257c8a01c5