Ynskjer du å arbeide med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag?
Rettleiar - Nav Tysnes
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Nav rettleiar
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. desember
Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid, og ynskjer du å gjera ein forskjell for andre menneske?
Trivst du med oppfølging, sakshandsaming og å finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar? Då kan du vere den vi søkjer etter.
Som rettleiar i Nav Tysnes skal du følgje opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte og bidra til sosial og økonomisk tryggleik. Her under at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Nav Tysnes er ein del av regionen Nav Sunnhordland som består av Nav Stord, Nav Fitjar, Nav Sveio, Nav Bømlo, Nav Kvinnherad og Nav Tysnes. Me søkjer no ein engasjert og dyktig kollega som vil vera med på å gje menneske moglegheiter. Hos oss får du jobbe i eit fagleg sterkt miljø med stort hjarte for inkludering og førebygging av utanforskap. Den ledige stillinga er i oppfølgingsteamet og me søkjer etter ein kollega som skal jobbe med oppfølging av personer som søker om og/eller mottar arbeidsavklaringspenger (AAP). Hovudmålet med stillinga er å hjelpe disse personene ut i arbeid eller utdanning, og til å klare seg sjølve.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du både er rettleiar, forvaltar og samarbeidspartnar for menneske i ulike livssituasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Ha tett oppfølging av brukarar med fokus på motivasjon, meistring og arbeid
- Kartlegge den enkelte sine ressursar og moglegheiter
- Rettleie, motivere og tilrettelegge for at brukarar skal komme i arbeid og aktivitet
- Planlegge, koordinere og leie møter der mottakarar av arbeidsavklaringspenger, tiltaksarrangørar, helsetenesten og arbeidsgivarar deltek
- Bidra til gode relasjonar internt og eksternt, og bruke relevante tiltak og verkemiddel for arbeidsinkludering
- Gjere vurderinger, saksbehandle og dokumentere med utgangspunkt i aktuelt lovverk som folketrygdlova, forvaltningslova og Nav-lova
- Vurdere bruk av aktuelle tiltak og verkemiddel
- Andre arbeidsoppgaver på regionalt nivå
Det skjer hyppige endringar i Nav og ein må vere fleksibel i forhold til endringar i arbeidsoppgåver. Endringar kan vere relatert til både lovverk og nye IKT-løysingar.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som rettleiing, helse, leiing, pedagogikk eller sosialfag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Kompetanse innenfor veiledning eller motivasjonsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du har:
- God kjennskap til arbeidsmarknaden
- Erfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskapleg
- Erfaring frå oppfølgingsarbeid
- Forståing for forvaltning av lovar og reglar
Me ser etter deg som
- Er ein god relasjonsbyggar
- Jobbar strukturert, kan dokumentere løpande og veksle mellom ulike arbeidsoppgåver
- Er fleksibel. Sidan endringar i Nav skjer hyppig treng vi at du taklar uføreseielege hendingar og endringar i arbeidsoppgåver
- Har indre motivasjon for å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver innafor eit viktig satsningsområde
- Store mogleheitar for fagleg og personleg utvikling
- Eit arbeidsmiljø med høg trivsel som er prega av godt kvalifiserte og engasjerte medarbeidarar
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar i lønnspenn frå kr. 622 000 - 652 000. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
Kontaktinformasjon
Maren Leite, Kontorleiar, 90198079, maren.leite@nav.noArbeidsstad
Uggdalsvegen 3015685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5036367854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 14.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
23dec638-963a-4478-9168-ab74d31aa68f
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
94511ecb67044638bfc6f556158a2a6c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Rettleiar - Nav Askøy
Sted
Kleppestø
Sjukepleiar 2 x 80% vikariat
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Øygarden lokalmedisinske senter
Sted
Straume
Teamleiar 100% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Barneverntenesta
Sted
Straume