Førsteamanuensis i kvartærgeologi og paleoklimatologi
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen, Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis i kvartærgeologi og paleoklimatologi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. februar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis
Ved Institutt for geovitenskap (GEO) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan kvartærgeologi og paleoklimatologi.
Den som får stillinga, skal ta initiativ til og levere forsking av høg kvalitet, tiltrekkje ekstern finansiering, og etablere eit høgt nivå av nasjonal og internasjonal aktivitet og samarbeid, med potensial til å bli ein leiande fagperson.
Om instituttetInstituttet er stort og har brei forskings- og utdanningsprofil, med fleire forskingsgrupper som ligg i front innan sine felt. Gjennom forsking, innovasjon og undervisning skal instituttet bidra med geofagleg kompetanse for å løyse utfordringar Noreg og verda står overfor i dag og i framtida. Instituttet underviser og forskar innan heile geofaget, med fokus på energiomstilling, klima, miljø, geofarar inkludert marin forsking som strategiske satsingsområde. Vi har om lag 170 tilsette, inkludert ca. 40 professorar og førsteamanuensar. Instituttet tar del i arbeidet på Bjerknessenteret for klimaforsking og Senter for framifrå forsking SapienCE. Som vertsinstitutt for Senter for framifrå utdanning iEarth, satsar vi på ein undervisningskultur som fremjar studentaktive og samskapande læringsformer.
Vi driv fleire laboratorium og forskingsinfrastrukturar, nokre med status som nasjonal infrastruktur. Den som får stillinga, vil ha tilgang til desse fasilitetane for undervisning og forsking. Vi søkjer ein kandidat som kan integrere desse fasilitetane i forskinga si og bidra til vidare utvikling.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer ein ambisiøs og engasjert fagperson som kan komplettere vår ekspertise innan terrestrisk og marin kvartærgeologi, paleoklimatologi, paleoceanografi og glasialgeologi, og som er villig til å kombinere modellering med felt- og laboratoriebasert datainnsamling.
Kandidaten bør ha dokumentert forsking av internasjonal klasse som bidreg til forståing av klimasystemet gjennom studiar av terrestriske arkiv. Kandidaten bør har vilje til å nytte tverrfaglege tilnærmingar og vere villig til å samarbeide breitt innan klimaobservasjon, rekonstruksjon og modellering. Kandidaten bør òg vere motivert for å formidle forskingsresultat og gjere desse tilgjengeleg for samfunnet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan kvartær paleoklima, jordsystemvitskap eller nærliggjande fagområde.
- Søkjarar må ha kompetanse i avanserte analytiske metodar, og evner/idéar til å bruke og utvikle laboratorieinfrastrukturane ved instituttet.
- Erfaring med både felt- og laboratoriebasert terrestrisk paleoklimaforsking er eit krav.
- Dokumenterte resultat innan undervisning og rettleiing i samsvar med karrierestigen er eit krav.
- Forsking på høgt internasjonalt nivå, samt å ha eit internasjonalt nettverk, er eit krav.
- Søkjarar må ha ei solid publikasjonsliste med fagfellevurderte arbeid av høg kvalitet, som står i høve til karrierestadium.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
- Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
- Søkjarar må ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i engelsk.
- Ferdigheiter i eit skandinavisk språk er ein fordel.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Det blir òg lagt vekt på evne og vilje til å formidle forskingsresultat og styrkje dialogen mellom forsking og allmenta.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Krav til utdanningsfagleg kompetanseTil stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av
- fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
- grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.
Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr 760 000 til kr 920 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her: Opprykk til professor | Fakultet for naturvitenskap og teknologi | UiB.
Søknaden skal innehalde:
- CV
- vitnemål og attestar
- fullstendig publikasjonsliste
- ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider).
- utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor).
- liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte.
- namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap, telefon +47 55583503 / e-post: jostein.bakke@uib.no eller til instituttleiar professor Atle Rotevatn, Institutt for geovitenskap, telefon +47 55583390 / e-post: atle.rotevatn@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, epost: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
23d8f442-34a7-4cff-b44b-4c2b952b6f2a
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278355
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen