Hopp til innhold

Ung i helse

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Jamnevegen 11, 5725 Vaksdal, Jamnevegen 23, 5725 Vaksdal, Bråtet 1, 5722 Dalekvam

Om jobben

Stillingstittel
Ung i helse
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
12
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Ung i helse, ein sommarjobb for deg under 18 år

Er du mellom 16 og 18 år og på jakt etter ein meiningsfull sommarjobb? Har du lyst til å hjelpa andre, interesse for arbeid med eldre eller lyst til å utforske helsefaget?

Vi ser etter ungdommar som vil vere ein del av Vaksdal kommune sitt aktivitetstilbod til eldre i sommar. Du vil få ein kontaktperson og god opplæring. 

Du må kunne arbeide i 3 samanhengande veker mellom 22. juni til og med 16. august. Ungdom som ønsker ei karriere innan helsefag eller som er nyskjerrige på dette vil verta prioriterte. Skriv gjerne litt om deg sjølv og kvifor du ønsker sommarjobb hjå oss.

Arbeidsstad er på sjukeheim, eller dagsenter/omsorg +.

Om du er under 18 år og går Vg2 helsefag, så kan du også søke ordinær sommarjobb hjå oss. 

Etter sommaren får du ein attest på at du har hatt sommarjobb gjennom Ung i helse


Arbeidsoppgåver

  • Vere sosial saman med pasientar. Aktivitetar som: ut på tur, prate, lese ei bok, sjå film saman, spele kort, høyre på musikk, danse, steike vaflar og anna som kan gje dei auka livskvalitet.
  • Enkle oppgåver i avdelinga, som eksempelvis å hjelpe til på kjøkken, borddekking, hjelp under måltid, pakke ut varer, rydding og anna forefallande oppgåver.
  • Samtalar med pasientane 
  • Hjelpa til under sangstund 
  • Halda pasientar med selskap gjennom måltid 
  • Reie senger 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Du må vera fylt 16 år seinast 22. juni 
  • Du må vera busett i Vaksdal kommune
  • Søkarar som ikkje har anna sommarjobb vil bli prioritert
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Glad i å arbeide med menneske
  • Du må like å vere sosial og våge å ta initiativ
  • Kunne ta imot og følge instruksjonar
  • Ønsker å ta ansvar og likar å samarbeide

Vi tilbyr

  • Ein sommarjobb litt utanom det vanlege, saman med kjekke kollegaer og pasientar
  • Rettleiing og støtte undervegs
  • Arbeidserfaring og kjennskap til Helse og meistring i Vaksdal kommune
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Tenesteattest/ bevis på arbeid

Slik søker du

Klikk på "søk stillinga" og følg vidare instruksjonar. Har du søkt på stilling i Vaksdal via Jobbnorge før er brukarnamn ofte e- posten du brukte. Treng du hjelp, kan du venda deg til HR- Konsulent på e- post: guro.bolstad.hesjedal@vaksdal.kommune.no

Svar på søknad, avtale om intervju og eventuelt tilbod/avslag vil du motta på den e- postadressa du registrerte i søknaden.

Om du er under 18 år og går Vg2 helsefag, så finn du lenka til sommarjobb på Jobbnorge.


Kontaktpersoner for stillingen

Kenneth Vik

Einingsleiar Helse og meistring

+4795840164

kenneth.vik@vaksdal.kommune.no

Anne Kari Helle

Avdelingsleiar Ressurssenter for personar med demens

+4745376843

anne.kari.helle@vaksdal.kommune.no

Julie Ovidia Trøan

Avdelingsleiar Heimetenesta

+4741424258

julie.ovidia.troan@vaksdal.kommune.no

Monika Dahle Skjerveggen

Avdelingsleiar Jamnetunet Bu- og behandlingssenter

+4748880364

Monika.Skjerveggen@vaksdal.kommune.no

Om bedriften

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i.

 

Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering og velferrdsteknologi. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

234f6002-2f69-477e-8399-4f38367a14c1

Sist endret

27. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278999

Lignende annonser