Hopp til innhold

Er du oppteken av mat og ernæring for barnehagebarn, då har me rette jobben for deg!

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
100% fast stillingar som kjøken- og matansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Har du lyst til å jobbe med ein gøyal gjeng i Lærdalsøyri barnehage?

I Lærdalsøyri barnehage jobbar me for å gjere Lærdal kommune til ein god stad å bu. Me ser etter deg som er genuint oppteken av mat og ernæring for barnehagebarn.

Stillinga er allsidig med ansvar for planlegging, innkjøp og laging av varmmåltid, brødmat, mellom- og ettermiddagsmåltid m.m.

Me satsar på næringsrik, kortreist og berekraftig mat gjennom vårt REKOMP utviklingsarbeid «Frå frø til brød». Deler av stillinga skal knytast opp til pedagogisk aktivitet kring dyrking, hausting og foredling saman med borna. Ein må soleis både like born, og vere god på relasjonsbygging.

For å lukkast i stillinga må du vera sjølvstendig og ta ansvar i samarbeidet og dialogen med avdelingane. Du må vera ein tolmodig pådrivar for utviklingsarbeidet me held på med, og vera del av arbeidsgruppa i dette prosjektet.

Gjennom «Tett på barn og unge i Lærdal» satsar Lærdal kommune på «Betre tverrfagleg innsats». Les meir her Tett på barn og unge i Lærdal - Tett på barn og unge.

Ønskjelege kvalifikasjonar:
  • Høgare utdanning innan ernæring for barn
  • Erfaring frå utviklingsarbeid i barnehage
  • Kunnskap og erfaring med matlaging
  • God på relasjonar og samarbeider godt med dei rundt deg
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Ansvarsfull, sjølvstendig og likar ein travel og hektisk arbeidskvardag
  • Ryddig og god på planlegging fram i tid

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Arbeidsoppgåver:
  • Varebestilling
  • Planlegging og førebuing av vekes/månadsmeny
  • Allsidig matlaging
  • Pedagogiske mataktivitetar saman med barnehageborna
  • Delta i den overordna pedagogiske planlegginga i barnehagen
  • Delta i arbeidsgruppe, og vere ein pådrivar for utviklingsarbeidet
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast
Me tilbyr:
  • Ein variert arbeidskvardag
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø
  • Tilsetting i ei trygg, offentleg verksemd
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Magrete Hatlelid

40825575 40825575

anne.magrete.hatlelid@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

22127dc5-6c6b-43e7-8e67-7786cae233d4

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3598491_228191_nn

Lignende annonser