Hopp til innhold

Bygg framtida i havbruket – frå teiknebrett til ferdig anlegg

Arbeidsgiver

Alsaker Fjordbruk AS

Sted

5694 Onarheim

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 13. august

Alsaker Fjordbruk er eit havbrukskonsern i sterk vekst. Me driv ikkje berre tradisjonelt matfiskoppdrett i sjø, men har gjennom mange år investert betydeleg i settefiskanlegg, landbaserte løysingar, teknologiutvikling, serviceverksemd, logistikk, slakteri og eigedom. Konsernet har aktivitet i store delar av Vestland og Rogaland, og står bak både omfattande nybygg, moderniseringar og framtidsretta utviklingsprosjekt.No søkjer me ein allsidig og erfaren prosjektleiar til varierte prosjekt i vårt konsern. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av prosjekt på tvers av verksemdene våre, frå tidleg fase og prosjektering, til bygging, ferdigstilling og overlevering. Prosjekta varierer i storleik og kompleksitet, og spenner frå tekniske installasjonar og utbyggingar, til infrastruktur, kai, bygg og anlegg, både på land og ved sjø. Vi er meir opptekne av praktisk erfaring og gjennomføringsevne enn formell utdanning. Du har gjerne bakgrunn frå entreprenør, eller bygg og anlegg, og veit kva som fungerer i praksis. Du må og kunne utarbeide tekniske skisser og løysingar i AutoCAD.Hos oss får du arbeide tett med leiinga og eigar, og du får vere med på å påverke utviklinga av eit konsern i stadig endring, og byggje framtidsretta løysingar for norsk havbruk og lokalsamfunna me er ein del av.DINE ARBEIDSOPPGAVER:
  • Leie og gjennomføre prosjekt frå idéfase til ferdig leveranse Prosjekt- og byggjeleiing av nybygg, utvidingar og tekniske installasjonar 
  • Planlegging, framdriftsstyring og koordinering av interne og eksterne ressursar 
  • Oppfølging og forhandlingar med leverandørar, entreprenørar og konsulentar 
  • Budsjett- og prosjektøkonomi, inkludert prosjektregnskap i samarbeid med økonomiavdelinga 
  • Kvalitetssikring, HMS og rapportering i prosjektgjennomføringa 
  • Rapportering direkte til øvste leiar 
  • Noko reiseverksemd mellom anlegg og prosjekt i konsernet
DIN KOMPETANSE:
  • Teknisk forståing og erfaring med teikningsverktøy, til dømes AutoCAD, er nødvendig
  • Erfaring frå prosjektleiing, ønskeleg frå bygg, industri eller tekniske prosjekt 
  • Byggjeleiing eller relevant teknisk prosjektbakgrunn er ein fordel 
  • Kjennskap til havbruk, settefiskanlegg eller prosess-/industrianlegg er positivt 
DINE EIGENSKAPAR:
  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert arbeidsform
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon på tvers av fagmiljø 
ME KAN TILBY:
  • Ei viktig rolle i eitt av dei leiande private oppdrettskonserna i Noreg
  • Ein organisasjon med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit variert og hektisk miljø
  • Konkurransedyktige vilkår 

Arbeidsstad:     Onarheim, Tysnes

Søknadsfrist:    13. august

Høyres dette spanande ut? Me kan tilby deg ein uforpliktande og konfidensiell prat om stillinga. Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar i Human, Henrik Brandtzæg, på mob 938 36 99 eller Edvard Thormodsæter på mob 415 708 49.

Spørsmål kan også rettast til Personalsjef Helga Irene Pettersen, på mob 992 10 105

Kontaktpersoner for stillingen

Henrik Brandtzæg

Senior Consultant

93836995

henrik@human-as.no

Edvard Thormodsæter

Daglig leder / Partner

95882299

edvard@human-as.no

Om bedriften

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med  36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar. Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2210bcfc-219f-4768-beb3-d30eea71fd0d

Sist endret

2. juli 2026

Hentet fra

recman

Referanse

481675

Lignende annonser

Laster lignende annonser