Hopp til innhold

Prosjektleiar Infrastruktur

Arbeidsgiver

Leirvik AS

Sted

Storhaugvegen 130, 5416 Stord

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar Infrastruktur
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 31. juli

Vil du leie nokre av dei mest spanande bru- og infrastrukturprosjekta på Vestlandet?

Leirvik AS har dei siste åra levert fleire viktige infrastrukturprosjekt, mellom anna Hangarbrua til Statens vegvesen, og nylig Marinebroen for GC Rieber i Bergen. No arbeider vi med Grøttabrua for Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi ser ein aukande aktivitet innan marknadsområdet Infrastruktur og søkjer no ein erfaren og engasjert prosjektleiar som vil vere med å forme framtidas prosjekt saman med oss.

Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i planlegging, gjennomføring og oppfølging av komplekse prosjekt, frå kontraktsgjennomgang til overlevering. Du vil samarbeide tett med kundar, leverandørar og interne fagmiljø, og bidra til vidare vekst og utvikling innan infrastrukturområdet.



Arbeidsoppgåver

  • Leiing og gjennomføring av infrastrukturprosjekt i samsvar med Leirvik sine prosjektstyringsprosessar
  • Sikre god framdrift, kvalitet, økonomi og HMS i prosjekta
  • Byggje og vidareutvikle gode kunderelasjonar
  • Bidra i tilbodsarbeid og utvikling av nye prosjektmoglegheiter
  • Samarbeide tett med produksjon, innkjøp, engineering og andre fagmiljø
  • Delta i utviklinga av marknadsområdet Infrastruktur
  • Ved behov bidra inn i prosjekt innan andre marknadsområde

Ønskja kvalifikasjoner

  • Bachelor- eller masterutdanning innan relevante fagområde
  • Erfaring som prosjektleiar, gjerne innan bygg, infrastruktur, bru, stål eller tilsvarande industri
  • God forståing for kontraktar, økonomi og prosjektstyring
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med eller kjennskap til aluminiumskonstruksjonar er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Ein trygg og samlande lagspelar
  • Strukturert, ryddig og løysingsorientert
  • Har høg arbeidskapasitet og evne til å ta eigarskap
  • Er sjølvstendig, initiativrik og proaktiv
  • Byggjer gode relasjonar både internt og eksternt
  • Har kommersiell forståing og eit strategisk blikk
  • Handterer endringar og omprioriteringar på ein god måte

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i samfunnsviktige prosjekt
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien»
  • Spanande faglege utfordringar og varierte arbeidsdagar
  • Dyktige kollegaer med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av aksjar i selskapet
  • Gode pensjons- og velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Geir Mosaker, Development Manager - Infrastructure, +47 40041685
Stine Halleraker Westerheim, Senior HR-rådgivar, 93484910

Arbeidssted

Storhaugvegen 130
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Leirvik AS

Referansenr.: 5153300497
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Geir Mosaker

Development Manager - Infrastructure

+47 40041685

Stine Halleraker Westerheim

Senior HR-rådgivar

93484910

Om bedriften

Leirvik AS er ei moderne verksemd med nær 300 medarbeidarar, og eit sterkt fagmiljø. Etter meir enn 50 år som leiande innan design, bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, har me utvida satsinga vår til nye område som infrastruktur, akvakultur og havvind, samstundes som me held fram vår sterke posisjon innan LQ og moduler.

Vårt ingeniørmiljø utviklar teknologi og løysingar for blant anna bustadhotell, bruer og landbasert oppdrett– både på eige verft på Stord og offshore.

Omstilling har alltid vore ein del av vår reise, og suksessen vår byggjer på ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.

Og det aller viktigaste: Me har gode folk på alle plan!

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cb92ac16-3efe-4d7b-ae96-df81441a888d

Sist endret

9. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

779b33a924e443b1b048674392d0680d

Lignende annonser

Laster lignende annonser