Hopp til innhold

Lærar 73,5 % (vikariat)

Arbeidsgiver

Kyrkjebygda oppvekstsenter avd. skule, Nissedal kommune

Sted

Nissedalsvegen 930, 3854 Nissedal

Om jobben

Stillingstittel
Lærar 73,5 % (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 18. juni

Det er ledig vikariat på 73,5% som lærar ved Kyrkjebygda oppvekstsenter i perioden 01.08.26 - 31.12.26 med mogelegheit for forlenging av delar av vikariatet.

Kyrkjebygda oppvekstsenter ligg i Nissedal kommune og er ein 1-7 skule med tettsamarbeid med barnehagen. Skulen ligg idyllisk til ved innsjøen Nisser og har tilgang til gode uteområde som vert nytta mykje i undervisninga.

Skulen er oppteken av å gje eleven trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og kunnskap. Det vert arbeidd målretta for å førebygge mobbing og for at den einskilde skal kjenne seg sett og verdsett. Skulen har stort fokus på å etablere gode arbeidsvaner og å tilrettelegge for at elevane skal kjenne på meistring i skulekvardagen. Me har eit tett samarbeid med føresette og andre instansar, både offentlege og private. Lærarar som trivst på arbeid gjer den beste jobben for elevane sine! Hjå oss arbeider me aktivt for at dei tilsette skal trivst med arbeidsoppgåvene sine og ha mogelegheit for å utvikle seg vidare i profesjonen sin. Me arbeider tett, men ønskjer samstundes å gje den einskilde tillit i arbeidet. Me har god kultur for kollegarettleiing og ønskjer at den einskilde skal kjenne på ei god lagkjensle på arbeid. Kyrkjebygda oppvekstsenter er ein arbeidsplass som vert kjenneteikna av høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og tilrettelegging for kompetanseheving og vidareutdanning.



Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faga, samt å vurdere elevane sin faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar. Jobben som lærar handlar i stor grad om å samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog med føresette gjennom heile skuleåret.

Kvalifikasjonar (overskrift)

  • Undervisningskompetanse på barnetrinnet innan fleire fag er ønskjeleg. Dette gjeld særleg basisfaga.  Det er også ønskjeleg med undervisningskompetanse i KRLE, samfunnsfag og naturfag.
  • Det er krav om lærarutdanning, med kompetanse innan dei ulike fagretningane.
  • Fagutdanning i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) er også mogeleg.
  • Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller yrkeserfaring vil også kunne bli vurdert.
  • Eventuell erfaring frå undervisning ved fådelt skule vil bli vektlagt.
  • Nissedal kommune er ein nynorskkommune og nynorsk vert slik nytta i all skriftleg undervisning og kommunikasjon.
  • Det er krav om framvising av gyldig politiattest.

  • Relasjonskompetanse, god klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
  • Gode samarbeidsevner med motivasjon og interesse for å arbeide saman som eit lag er ein føresetnad.
  • Elevane sitt læringsmiljø krev gode vaksne med kapasitet både fagleg og sosialt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsetjingsprosess.

  • Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som er dedikerte til arbeidsoppgåvene sine.
  • Gode fasiliteter i eit velhalde og triveleg undervisningsbygg.
  • Tilsetjingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsetjingar.
  • Tariffesta løns- og pensjonsvilkår.

Kontaktinformasjon

Tone Straand, Rektor Kyrkjebygda oppvekstsenter, skule, +47 41 42 52 71

Arbeidsstad

Nissedalsvegen 930
3854 Nissedal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5137420638
Stillingsprosent: 73,5%
Vikar
Søknadsfrist: 18.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Tone Straand

Rektor Kyrkjebygda oppvekstsenter, skule

+47 41 42 52 71

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

215ea61e-e4ba-42fe-a934-e234acf8834a

Sist endret

8. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

86e04d1bb303402d80e7ade08dc4326b

Lignende annonser

Laster lignende annonser