Hopp til innhold

Avdelingsleiar – Miljøterapitenesta i Vågå kommune

Arbeidsgiver

Vågå Kommune Bufellesskap

Sted

Vågå

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du vere med å leie og forme framtidas miljøterapiteneste i Vågå?

I Vågå kommune søkjer vi no etter ein engasjert og fagleg sterk leiar til Miljøterapitenesta i 100 % fast stilling.

Eitt team -- to avdelingsleiarar og tenesteleiar.

Vi ønskjer å styrkje leiinga i tenesta, og søkjer no etter ein ny avdelingsleiar. Saman med eksisterande avdelingsleiar og tenesteleiar skal ein danne eit tett og velfungerande leiingsteam med felles fokus på drift, personalansvar og utvikling.

Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta.

Fordeling av arbeidsoppgåver vil bli gjort ut frå kompetanse, interesse og behov -- og det er rom for både deg som er opptatt av struktur og dagleg drift, og deg som ønskjer å bidra i faglege utviklingsprosessar.

Om Miljøterapitenesta

Miljøterapitenesta i Vågå gir tenester til menneske med utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid og ønsker at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen.
Fagleg kvalitet, medverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar for oss. Vi skal vere ei utviklande teneste -- både for brukarane og for dei tilsette.

Arbeidsoppgåver:
  • Drift, personalansvar og økonomioppfølging.

  • Fagleg leiing og rettleiing.

  • Opplæring og utvikling av rutinar og prosedyrar.

  • Ansvar for journalsystemet (Profil) og internkontrollsystemet (Compilo).

  • Kvalitetssikring og rapportering.

  • Kompetanseplanlegging og fagleg utvikling i avdelinga.

  • Sikre brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid.

  • Møteverksemd og leiing av personalmøte.

  • Sjå til at lover, forskrifter og interne føringar blir følgde.

  • Lede og utvikle tenesta.

Vi ser etter deg som har:
  • bachelor innan helse- og sosialfag -- t.d. vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorgrad

    • Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning vert òg oppmoda til å søkje.
  • erfaring frå leiing og liknande arbeidsoppgåver er ein fordel

  • erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er ein fordel.

  • gode digitale ferdigheiter.

  • kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.

  • god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg.

Som person er du:
  • Engasjert og initiativrik 

  • Tydeleg og innehar ein trygg leiarstil med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit

  • God på samarbeid

  • Fleksibel og løysingsorientert 

  • Strukturert og har gjennomføringsevne

  • Reflektert og fagleg dyktig med fokus på kvalitet

Personlegeeigenskapar blir tillagt avgjerande vekt.

Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar.

Vi tilbyr deg:
  • Ei meiningsfull leiarstilling i eit viktig fagfelt.

  • Moglegheit for å forme og påverke ei teneste i utvikling.

  • Tett samarbeid i eit leiingsteam.

  • Kompetente og engasjerte kollegaer.

  • Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP.

Kontaktperson for stillingen

Ina Haugen Rindhølen

Tenesteleiar

45312670

ina.haugen.rindholen@vaga.kommune.no

Om bedriften

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.

Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

215539b5-3d45-4ecf-bb0c-13ebfeabb089

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

215539b5-3d45-4ecf-bb0c-13ebfeabb089

Lignende annonser