Hopp til innhold

Rådgjevar/leiarstøtte

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Rådgiver/lederstøtte GDE 1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. februar

Om stillinga

Vi søkjer deg som er motivert for å jobbe med administrative gjeremål i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.

Som rådgjevar/leiarstøtte ved Ålesund politistasjon/driftsening Sunnmøre vil du spele ei viktig rolle i å støtte driftseiningsleiar og politstasjonssjefar/seksjonsleiarar i det daglege arbeidet, særskilt knytt inn mot oppfølging av budsjett og personellprognoser.

Dette er ei stilling for deg som trivst med å ha god struktur, jobbe sjølvstendig og få til godt samarbeid på alle nivå i driftseininga og politidistriktet vårt. Du vil vere ein viktig støttespelar og bidra til å sikre effektiv drift og framdrift. For den rette personen med interesse og engasjement i politiet sitt samfunnsoppdrag, så kan vi love at du får ein spennande og variert kvardag. Arbeidsstad er Ålesund.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer deg som har god økonomisk forståing og struktur på arbeidet ditt. I stillinga vil du måtte handtere fleire oppgåver og prosessar parallelt, samtidig som du opprettheld høg kvalitet i leveransane. Vidare må du trivst med å kommunisere med menneske på tvers av ulike fagfelt og nivå i organisasjonen.

Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Arbeidsoppgåver

  • leiarstøtte og rådgjeving for driftseininga
  • budsjett, prognosearbeid og økonomioppfølging
  • personaladministrasjon og bistå i rekrutteringsprosessar
  • fakturabehandling
  • samarbeid med leiarar i driftseininga og andre stabsfunksjonar
  • delta i leiargruppa til driftseininga
  • planleggje og tilretteleggje for møte og samlingar
  • andre administrative gjeremål
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå (fortrinnsvis innan økonomi, leiing, HR, administrasjon eller liknande). Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • god munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne på norsk
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring med administrasjon og eller leiarstøtte/leiing
  • erfaring med økonomiarbeid innan budsjett og prognosearbeid
  • anna relevant erfaring frå offentleg forvaltning eller frå privat sektor
  • god kunnskapar innan excel og IKT

Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse etter 1. januar 2023 for å bli vurdert.

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du

  • har evne til å skape resultat gjennom sjølvstendig arbeid og i samarbeid med andre
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • kan arbeide strukturert og systematisk
  • er serviceinnstilt

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utfordrande og meiningsfull stilling for deg som vil bidra inn i politiet sitt viktige samfunnsoppdrag
  • fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årslønn frå kr. 600 000 - 735 000.
  • for særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare stillingskode og lønnsplassering bli vurdert
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er IA-bedrift og knytt til bedriftshelsetjeneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Kontaktperson for stillingen

Oddbjørn Solheim

Driftseiningsleiar/politistasjonssjef Ålesund

+4793418956

oddbjorn.solheim@politiet.no

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

21084ac4-a64a-4967-bd7c-49ce18079e71

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10281849

Lignende annonser