Hopp til innhold

Barnehagelærar

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar, vikariat 100% + 40%
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 13. mai

Om stillinga

Sveio barnehage har ledig vikariat for barnehagelærar i perioden 15.08.26 - 14.08.27. Vi har ledig tilsaman 140% stilling. Vi ønsker først og fremst ein stilling på 100% og ein på 40%, men vil vurdere endra % fordeling dersom det gir den beste løysninga. 

Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentrumsnært. Vi har kort veg til skog og hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, kjøpesenter og Salamanderpark. Vi har 3 avdelingar med for tida 49 barn fordelt på tre avdelingar, 1-6 år.

Vår visjon er: Robuste barn meistrar livet. 

Vi har fokus på natur, bærekraft og kosthald. Vi har eit aktivt og engasjert personale som brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høg kompetanse og lang erfaring. 

Vi er med på Regional kompetanseheving saman med høgskulen HVL der vi arbeider målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet. 


Arbeidsoppgåver

  • Setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn 
  • Planlegge, gjennomføre og dokumentere aktivitetar
  • Vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
  • Planlegge pedagogiske aktivitetar som fremmer barnas læring og utvikling
  • Sørge for at barnehagelova og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet 
  • Utvikle og implementere det som kommunen og barnehagen til ein kvar tid har som tema og satsingsområde i samarbeid med styrar/einingsleiar
  • Rettleie personalet for å få ein pedagogisk heilhetleg forståelse i personalgruppa
  • Godt foreldresamarbeid 
  • Tverrfagleg samarbeid, prosjektarbeid og utviklingsarbeid 
  • Du får det pedagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen

Kvalifikasjonar

Godkjent 3 årig barnehagelærer utdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som pedagog i barnehage.

Norsk er arbeidsspråk i barnehagen, og du må ha god norsk muntlig og skriftlig framstillingsevne.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest, jf. barnehagelova §30.


Personlege eigenskapar

  • Du er ein varm og tydeleg vaksen
  • Du er motivert, kreativ, har godt humør og kan undre deg saman med barna 
  • Du har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne og må kunne skapa gode relasjonar til barn, heim og vaksne ved barnehagen
  • Du har gode leiareigenskapar, gode samarbeidsevner og er fagleg sterk   
  • Du ønsker å være med å vidareutvikle barnehagen
  • Du liker å være med i endringsprosessar
  • Du kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
  • Du har god forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid 
  • Du er glad i friluftsliv
  • Du har evne til å væra ein tydeleg rollemodell for barn og vaksne

    Vi vektlegg personlege eigenskapar.


Vi tilbyr

  • Variert arbeid i eit positivt og utviklande miljø saman med i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap 
  • Arbeid saman med engasjerte kollegaer som framsnakkar kvarandre og som ønsker at du skal trivast og lykkast 
  • Ein meiningsfull jobb og  utfordringar som vil gi deg meistring og motivasjon
  • Faglege utfordringar der du er i utvikling som fagperson og som du får vere med å påverke og utvikle 
  • God opplæring saman med dyktige kollegaer og samarbeid med andre
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning) 
  • Eit fagmiljø i stadig utvikling
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktperson for stillingen

Kristin Tveit Beiermann

Einingsleiar Sveio barnehage

+4740048148

kristin.tveit.beiermann@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

205f6be0-87c0-457d-a245-7bdceaa50b9e

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293726

Lignende annonser

Laster lignende annonser