Senior Rekneskapsrådgjevar
AIDER AS
Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk snarest mulig
I Aider Førde leverer vi alt frå rekneskap og lønn, til rådgjeving og teknologi, støtta av eit breitt nasjonalt kompetansemiljø. Framover skal vi vidareutvikle vårt fagmiljø, kundeleveransar og måten vi jobbar på.
Vi skal tilsetje ein senior rekneskapsrådgjevar som vil vere med og setje retning saman med oss.
Dette er ei rolle for deg som er trygg i faget, trivst tett på kundane og som likar å dele kunnskap med andre.
Kva går rolla ut på?Som senior rekneskapsrådgjevar hos oss vil du ha ei sentral fagleg rolle i leveransane våre. Du får ansvar for eigne kundar og oppdrag, og blir ein viktig støttespelar for både kundar og kollegaer.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
-
Ansvar for eigne kundar og rekneskapsoppdrag
-
Løpande rekneskap, rapportering og årsoppgjer
-
Fagleg rådgjeving og dialog med kundar
-
Bidra til god kvalitet og vidareutvikling av leveransane
-
Samarbeid med andre tjenesteområde i Aider
-
Rettleiing og fagleg oppfølging av kollegaer
-
Bidra til utvikling av kundeportefølje og nye moglegheiter lokalt
Vi ser etter deg som er fagleg trygg, sjølvstendig og som ønskjer å vere ein del av eit breitt kompetansehus i Førde med ambisjonar for framtida.
Vi trur du har:
-
Minimum 3 års relevant erfaring innan rekneskap eller revisjon
-
Erfaring med årsoppgjer
-
Gjerne autorisert rekneskapsførar
-
God forståing for kundebehov og kommersiell teft
-
Evne og vilje til å lære opp og dele kunnskap med andre
-
Interesse for digitale løysingar og effektive arbeidsprosessar
-
Gode kommunikasjonsevner på norsk
Hos oss blir du ein del av eit lokalt fagmiljø i Sunnfjord, med støtte frå eit stort og kompetent fellesskap i Aider som rommar alt frå teknologar til HR-spesialister og jurister. Kontoret i Førde er i ei spennande utvikling, og du får moglegheit til å vere med og påverke både fagleg retning og kvardagen lokalt.
Vi kan tilby:
-
Ei viktig rolle i vidareutviklinga av Aider i Førde
-
Moglegheit til å setje preg på både kundeleveransar og arbeidsform
-
Varierte og spennande kundar i regionen
-
Eit sterkt fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
-
Moderne system og løysingar
-
Sunn balanse mellom jobb og fritid
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
Då håpar vi du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Søknader blir behandla fortløpande.
Om bedriften
Hos Aider møter du rådgivere med dyp forståelse for din bransje. Vi kombinerer regnskap, lønn, rådgivning og teknologi -- og har utviklet skreddersydde oppsett og tjenester for en rekke ulike næringer. Det gir deg trygghet i hverdagen og et bedre beslutningsgrunnlag.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2005f742-4fad-419d-9df6-7aa2e2ecdcf9
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
455095145