Hopp til innhold

Ledig helgstillinger og 40% vikariat 

Arbeidsgiver

Avdeling for habilitering, Nissedal kommune

Sted

Treungvegen 505, 3855 Treungen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ledig helg stillinger og 40% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidstid
Turnus, kveld, søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Sjå her !

Me treng meir hjelp på helger, assistentar, studenter, fagarbeiderar og/eller Miljøterapeutar til vårt team ved Kåsa bu- og avlastning.  Hos oss får du mogleheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til mennesker med ulike behov, og bidratt til at dei opplever meistring, tryggleik og livskvalitet.

Den eine helge stillinga kan utvides med eit vikariat på 40% i eit år.

Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder,  og i hjelpebehovet.

Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.

Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.

Avdelinga har årsturnus, der du kan velge mellom langvaktar, ordinære vakter og arbeid kvar 3 eller 6 helg.

Vi håpar DU søkjer og ynskjer deg velkomen til oss !

Arbeidsoppgåver

  • Fremme målretta metodisk miljøarbeid
  • Yte praktisk bistand og veiledning i daglege aktivitetar
  • Dokumentasjon i henhold til gjeldende rutiner
  • Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte
  • Fylgje opp individuelle planar og mål
  • Jamleg samarbeid med pårørande og andre fagpersonar
  • Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Må kunne beherske digitale verktøy.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B, manuell.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.

Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsvilje
  • Du tilpassar deg og er open for endringar
  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du har positiv innstilling og haldning
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring.
  • Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen turnus, langvakter eller vanlige vakter på 6 hver eller 3 hver helg
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
  • Lønn etter tariff.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • Eininga har fokus på kompetanse utvikling og har ulike studieordningar for tilsette
  • Regelmessige fagmøter rundt den enkelte brukar er fastsett i turnus.

Anna:
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med eit ev. intervju.

Kontaktinformasjon

Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18

Arbeidsstad

Treungvegen 505
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5044221730
Stillingsprosent: 16,67%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1f83f0fd-cc75-4567-a2f4-05cce60e62c8

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

9c491762279544b084d72dbb5c6316ed

Lignende annonser

Laster lignende annonser