Hopp til innhold

Spanande leiarjobb i Hallingdølen

Arbeidsgiver

Lokalavisa HALLINGDØLEN

Sted

Sundrevegen 79, 3570 Ål

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Salgsleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Salsleiar i Hallingdølen

Hallingdølen er ei av landets beste lokalaviser, og me er også totalleverandør av marknadsføringstenester, annonsering, grafisk utforming, reklamemateriell, nettsider m.m. for bedrifter, organisasjonar og arrangement.

Me er totalt 32 tilsette, og no treng me ny leiar for annonse- og marknadsavdelinga.

Me søkjer ein samlande og drivande leiar som kan leie og vidareutvikle sals- og marknadsarbeidet i Hallingdølen, slik at me framleis kan vera den beste marknadsføraren i regionen.

Som salsleiar vil du få ansvar for kunderetta salsarbeid med fokus på heile produktbreidda innanfor markndasføringsprodukta våre, frå tradisjonelle papirprodukt til landsdekkjande digitale kampanjer.

Arbeidsoppgåver:
  • Salsleiing og aktiv kundeoppfølging

  • Vidareutvikle sals- og prestasjonskulturen i avisa

  • Vidareutvikle produktområdet innan marknadsføring

  • Delta aktivt i salsarbeidet gjennom kundemøter og samlingar

  • Jobbe for å styrkje og synleggjera Hallingdølen sin posisjon som annonsekanal

  • Jobbe aktivt med kompetanseheving i salsavdelinga

Kvalifikasjonar:
  • Høgare utdanning eller relevant erfaring, fortrinnsvis innan marknadsføring, salsleiing eller tilsvarande

  • Leiarerfaring frå kommersiell verksemd med salsfokus, og kan vise til gode resultat

  • God kunnskap om bruk av IT-verktøy

  • God kunnskap om digital marknadføring

Eigenskapar:
  • Samlande og engasjerande med evne til å inspirere både kollegaer og kundar

  • Sjølvstendig og strukturert

  • God på å byggje nettverk

  • Positiv og løysingsorientert også i krevjande periodar

  • Mål- og forretningsfokusert i ein endringsorientert bransje

Me tilbyr:
  • Ei spanande stilling med salsansvar for våre marknadsføringsprodukt

  • Ei synleg rolle med gode mogelegheiter for utvikling av eigen kompetanse og nettverk

  • Du vil bli ein del av Hallingdølen si leiargruppe, og bidra i den vidare utviklinga av avisa

  • Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar, Ola Stave, på e-post ola.stave@hallingdolen.no eller telefon 9094 1994 for meir informasjon om stillinga.

Send søknad til: ola.stave@hallingdolen.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1f598857-66f9-42ce-911e-150f97db7c43

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

446092520

Lignende annonser