Hopp til innhold

Konsulent skoleadministrasjon - Fast og vikariat

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund videregående skole

Sted

Gangstøvikvegen 27, 6009 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent skoleadministrasjon - Fast og vikariat
Oppstart
16. mars 2026
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. april

Ålesund videregående skole har ledig 40 % fast stilling som konsulent i administrasjonen, samt eit vikariat på inntil 60 % stilling. Vikariatet sin storleik vil endrast i takt med at den tilsette i fast stillingsheimel kjem tilbake i stillinga si. Arbeidsplassen din vil i hovudsak vere i ein av skolens resepsjonar.

Stillinga er ein sentral støttefunksjon for leiarar og andre tilsette, og arbeidsoppgåvene vil vere varierte og hektiske på ein positiv måte.

Administrasjonsavdelinga består av administrasjonsleiar og sju konsulentar, og stillinga rapporterer til administrasjonsleiar.

Som medarbeidar i resepsjonen vil du vere skolens ansikt utad og bidra til å gi elevar, tilsette og besøkande ei god oppleving.


Arbeidsoppgåver

Dine viktigaste oppgåver er:

  • Sentralbord og resepsjon: Ta imot besøkande, svare på telefonar og e-post, og svare på generelle spørsmål frå elevar, føresette og eksterne.
  • Administrativ støtte: Utferding av skolebevis/elevbevis, handtering av skoleskyss, registrering i ulike system og oppdatering av informasjon.
  • Post og arkiv: Handtere inngåande og utgåande post, samt følgje opp elektronisk arkiv.
  • Service og tryggleik: Vere ein synleg og tilgjengeleg person for elevar og tilsette, og handtere uønska situasjonar ved behov.
  • Logistikk og utlån: Bistå med utlån av skolen sine lokale, bestilling av kontorrekvisita og booking av møterom.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg at du har utdanning innan service, administrasjon eller reiseliv eller anna relevant fagområde. Høgare utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. 

Vi leitar etter deg som har erfaring frå arbeid i resepsjon, skoleadministrativt arbeid eller innan kundeservice. Du må også ha vanleg gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg, ha gode digitale ferdigheiter og erfaring med administrative system. 

Du må ha evne til å arbeide strukturert, effektivt og nøyaktig, også i travle periodar. 

Då du vil yte service til både tilsette og elevar, treng du god relasjonskompetanse og ha tryggleik i møte med ungdom.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som  

  • Er serviceinnstilt, høfleg og god på kommunikasjon 
  • Er tillitsskapande og har ei profesjonell framferd
  • Har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team 
  • Er handlekraftig og roleg ved uventa situasjonar 
  • Er tilpassingsdyktig og fleksibel i ein variert arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø kjenneteikna av profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode utviklingsmoglegheiter med tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring 
  • Løn på gjeldande fylkeskommunale vilkår 

Kontaktinformasjon

Cecilie Mari Bjørkavåg, Administrasjonsleiar, 90010475
Ole Reinlund, Rektor, +47 90909603

Arbeidsstad

Gangstøvikvegen 27
6009 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5085664148
Stillingsprosent: 40, 60%
Fast, Vikar
Startdato: 16.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ole Reinlund

Rektor

+47 90909603

Cecilie Mari Bjørkavåg

Administrasjonsleiar

90010475

Om bedriften

Om skolen: 

Ålesund videregående skole er den største i fylket med ca. 1400 elevar og eit stort mangfald av både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vi er lokalisert på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga, med nært og godt samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal og regionalt nærings- og kulturliv. Vi skal vere ein attraktiv og framoverlent skole med høg elevgjennomføring, og som leverer relevant kompetanse for både arbeidsliv og høgare utdanning. 

https://alesund.vgs.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1eccbea8-caa2-4b4e-8627-a45109dc8eb1

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c9243700b3b442ffbd7a72ce69ae1658

Lignende annonser

Laster lignende annonser