Er du ein tydeleg og strukturert leiar med høg relasjonskompetanse?
Ål kommune Oppvekstsektoren
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Då vil vi ha deg med på laget, og saman vidareutvikle ein av Ål kommune sine gode læringsarenaer.
Frå 01.08.26 treng Nedre-Ål skule ny rektor i 100 % fast stilling, då vår rektor over mange år går av med pensjon.
Ål kommune har 3 barneskular og ein ungdomsskule. Nedre-Ål skule har om lag 220 elevar på 1.-7. trinn, og 60 medarbeidarar. Skulen har dyktige og engasjerte tilsette og godt og tett samarbeid med føresette. Skulen har nytt og spanande uteområde, stor gymsal, og svømmebasseng. Dette gjev mange moglegheiter for variert undervisning.
I rolla som rektor ved Nedre-Ål skule vil du ha ansvar for å sikre at våre elevar er godt førebudde på utfordringane i samfunnet vårt. Som rektor vil du vera aktivt medverkande i å forme eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Rektor er delegert budsjett-, økonomi- og personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for oppvekstsektoren.
Arbeidsoppgåver- Overordna ansvar for drift og utvikling av skulen, innanfor fag, personalarbeid og økonomi.
- Overordna ansvar for leiing og vidareutvikling av det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte og eit trygt læringsmiljø for alle elevar.
- Vidareutvikle eit godt skule-heim-samarbeid.
- Vera aktiv deltakar i skuleleiarforumet i kommunen.
- Samarbeide med andre sektorar for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevane.
- Relevant høgare utdanning frå høgskole/universitet.
- Pedagogisk kompetanse (formell kompetanse og/eller kompetanse opparbeidd gjennom praksis).G
- God økonomisk forståing.
- God digital kompetanse.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Ønska kvalifikasjonar- Leiarerfaring som skuleleiar og/eller rektor.
- Rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning.
- Godkjent pedagogisk utdanning.
- Undervisningserfaring frå grunnskule.
- Tydeleg og synleg leiar som utøver tillitsbasert leiing, har evne til å engasjere, involvere, motivere og inspirere til felles innsats.
- God samhandlingskompetanse, evne til å bygge gode relasjonar til elevar, medarbeidarar, føresette og samarbeidspartar.
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg.
- Lagbyggar, raus og inkluderande.
- Fleksibel, godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver.
- Har gode strategiske og analytiske evner.
- Høg arbeidskapasitet, jobbar effektivt og sjølvstendig.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.
Vi tilbyr- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Eit godt arbeids- og fagmiljø med dyktige medarbeidarar.
- Ein arbeidsplass med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap.
- Mentorordning og nettverk med andre avdelingssleiarar i kommunen.
- Moglegheit til å vere med på å utvikle det samla grunnskuletilbodet i Ål kommune.
- Eit godt etablert tverrfagleg samarbeid.
- Støttefunksjonar innan økonomi og personal.
- Leiarstøtte.
- Konkurransedyktig lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dette vil du i så fall få varsel om.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1dca8ba5-2bee-4134-b16f-fc45e8225144
- Sist endret
23. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3587325_200323_nn