Hopp til innhold

Lærar på Valldal skule - vikariat 

Arbeidsgiver

Oppvekst og kultur Fjord kommune

Sted

Skulebrauta 48, 6210 Valldal

Om jobben

Stillingstittel
Lærar på Valldal skule
Oppstart
7. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Valldal skule har ledig inntil ei 100 % vikarstilling som lærar frå 07. april og ut skuleåret (foreldrepermisjon). 

Valldal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse. Fjord kommune si Vaksenopplæring er lagt til skulen. Vi ligg lokalisert i Syltemoa, tett under Syltefjellet, i Valldal sentrum. Skulen har rundt 115 elevar som kjem frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda. Det er gode fasilitetar både inne og ute. Skulen vert leia av rektor, inspektør og ein i merkantil drift skule og SFO. I tillegg 3 teamleiarar på småskule-/mellom- og ungdomstrinn.  

Kommunen har liggande ute ei utlysing på lærarstillingar i Fjord kommune frå hausten av. Kanskje er det aktuelt for deg å fortsette vidare frå hausten av. Legg inn ein søknad der også om aktuelt. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på 1 - 10 årssteg
  • Kontinuerleg oppfølging av elevane si læring
  • Systematisk utvikling av eiga undervisning
  • Tett samarbeid med leiing, kollegaer og føresette
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid

    Kvalifikasjonar

    • Godkjent utdanning som grunnskulelærar i 1-7 primært.
      • Kan også vere aktuelt med utdanning for 5-10
    • Digital kompetanse 
    • Fjord kommune har nynorsk som målform.
    • Skulen har behov for kandidatar med brei undervisningskompetanse 

      Personlege eigenskapar

      • Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
      • Set elevane si læring og trivsel i sentrum
      • Har evne til å motivere og engasjere
      • Positiv, samarbeidsvillig og fagleg dyktig

      Vi tilbyr

      • Lønn i samsvar med garantilønn for HTA i KS 
      • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
      • Gode pensjons- og forsikringsordning
        • Av lønn trekkes 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.

      Kontaktinformasjon

      Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, +47 41867841

      Arbeidsstad

      Skulebrauta 48
      6210 Valldal

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune

      Referansenr.: 5091323104
      Stillingsprosent: 100%
      Vikar
      Startdato: 07.04.2026
      Sluttdato: 31.07.2026
      Søknadsfrist: 22.03.2026

      Kontaktperson for stillingen

      Hans Øyvind Lyshaug

      Rektor Valldal skule

      +47 41867841

      Om bedriften

      Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

      Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

      Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

      Sektor

      Offentlig

      Del annonsen

      Annonsedata

      Rapporter annonse
      Stillingsnummer

      198ed84d-1489-468a-a952-72e3868afce8

      Sist endret

      4. mars 2026

      Hentet fra

      talentech

      Referanse

      69f58ca348ca433381fe558fd10a4503

      Lignende annonser

      Tilkallingsvikar Fjord kommune

      Arbeidsgiver

      Fjord kommune

      Sted

      Eidsdal, Valldal, Valldal, Norddal, Stordal, Valldal, Stordal, Stordal