Lærarar - vikariat
Sykkylven ungdomsskule og vaksenopplæring, Sykkylven kommune
Kyrkjevegen 2, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarar- vikariat
- Oppstart
- 10. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. april
Vi har ledig 200% vikariat for lærar for perioden 01.08.2026 - 31.7.2027 Det kan verte ledig stillingar utover dette.
Sykkylven ungdomsskule har dette skuleåret 280 elevar og 40 tilsette. Vi har 12 klasser.
Sykkylven ungdomsskule er ein skule med eit stabilt og godt kvalifisert personale som arbeider saman til beste for elevane si læring og sosiale utvikling. Vi er ein framtidsretta skule som stadig ynskjer å forbetre oss. Vi er med på Matematikksenteret si fleirårige satsing og arbeider i nettverk med andre ungdomsskular i regionen. Vi er med å arrangere Teknologifestivalen i samarbeir med lokalt næringsliv og vidaregåande skule. Elevane er med som både deltakarar og som arrangørar. Vi har fokus på tilpassa opplæring og inkludering.
Vi har eit team med miljøterapeutar og fagarbeidarar, samt to helsesjukepleiarar og fysioterapeut på deltid på skulen. To av miljøterapeutane er LOSar som fylgjer opp elevar med ufrivillig skulefråvær. Ungdomsskulen og vaksenopplæringa er del av same eining, og vi har ein del felles opplegg fagleg og sosialt for personalet.
Har du lyst på ein spennande jobb der du saman med dyktige og fagleg sterke kollegaer får arbeide målretta og variert, og ta del i den viktige og kjekke jobben som samfunns- og relasjonsbyggar i møte med ei flott elevgruppe? Søk då vel!
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av god og variert undervisning i tett samarbeid med andre
- Tilrettelegging for enkeltelevar og klassa generelt
- Vurderings- og rettearbeid
- Elevoppfølging
- Arbeide for å skape eit trygt og godt skulemiljø
- Bidra til godt samarbeid med heimen og andre aktørar i skulen
- Kontaktlærarfunksjon må påreknast
- Villig til å ta på seg sensoroppdrag eksternt
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning for grunnskulen med undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
- Fag: Matematikk, naturfag, engelsk, norsk, k&h, spansk og tysk
- Ein tydeleg og strukturert klasseleiar
- God til å tilpasse undervisninga slik at det ordinære inkluderer fleire i klasserommet
- Gjerne erfaring frå samarbeid med dei ulike aktørane i skulen
- God IKT kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må også kunne nytte nynorsk
- Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar
- Ha eit varmt og positivt menneske- og læringssyn
- God på relasjonsbygging, trivast saman med ungdom og kunne vere med å bygge laget rundt eleven
- Glad i å samarbeide, kunne ta initiativ og like å delta i utviklinga av eit godt profesjonsfellesskap
- Fleksibel og løysingsorientert
- Kunne bidra positivt i arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Eit utviklingsorientert læringsmiljø
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- God opplæring og kurs for at du skal kunne oppleve mestring i arbeidet
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låne- og forsikringsordningar
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Therese Lefdalsnes Hole, Konstituert rektor, 47670915, therese.lefdalsnes.hole@sykkylven.kommune.noRandi Løseth Aasen, Einingsleiar, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 26230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5089915325
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 16.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a3471e73-0774-4480-a598-2c4c1acf4a0a
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e545b4dfbc640a8b635820dc2028cd4