Hopp til innhold

Vikariat 100% lærar engelsk og tysk

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Sykkylven vidaregåande skule

Sted

Kyrkjevegen 6, 6230 Sykkylven

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Vikariat 100% lærar engelsk og tysk
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 7. mai

Skulen lyser ut eit vikariat som lærar i engelsk og tysk frå 1. august 2026. Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg lærar som ønskjer å bidra til god læring, utvikling og trivsel for elevane våre.
Den som blir tilsett, vil få ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i samsvar med gjeldande læreplanar. Stillinga inneber også aktiv deltaking i fagleg samarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og oppfølging av elevar i tråd med skulen sitt samfunnsoppdrag.

Skulen har eit profesjonelt læringsfellesskap der samarbeid, deling og utvikling står sentralt.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i engelsk og tysk
  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
  • Tilpassing av opplæringa til elevane sine behov
  • Oppfølging av elevar fagleg og pedagogisk
  • Samarbeid med kollegaer og deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap
  • Deltaking i møte og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant fagleg og pedagogisk utdanning i engelsk og tysk
  • Oppfyller krava til undervisningskompetanse i vidaregåande opplæring, jf. forskrift til opplæringslova § 12‑4
  • God kjennskap til læreplanverket for vidaregåande opplæring
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar og eit trygt læringsmiljø
  • Strukturert, løysingsorientert og trygg
  • Engasjert, initiativrik og opptatt av elevane si læring og utvikling
  • God samarbeidsevne og vilje til å bidra i eit fagleg fellesskap

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit framtidsretta fagområde
  • Moglegheit for fagleg og pedagogisk utvikling gjennom Erasmus+
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5117557714
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 07.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Barbro O. Midtgård

Rektor

+47 92619045

Om bedriften

Blir du med å utviklar regionen saman med oss?
Sykkylven vidaregåande skule

Om skulen (sykkylven.vgs.no)

I hjartet av skapargledebygda finn vi Sykkylven vidaregåande skule. Her møter vi engasjerte og oppdaterte lærarar som legg til rette for god læring, trivsel og meistring. Med omlag 250 elevar er vi akkurat passe stor; liten nok til eit inkluderande fellesskap, men også stor nok til mangfald. Skulen har fleire varierte utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, samt elektro og datateknologi.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f8b3b47c-9338-49f2-8afa-892c776710bb

Sist endret

23. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

44f3d4543a0e4aa6b2284e4329ac5418

Lignende annonser

Laster lignende annonser