Styrar Dalsbygda Barnehage
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Rellingsvegen 83, 6214 Norddal
Om jobben
- Stillingstittel
- Styrar Dalsbygda Barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. mars
Fjord kommune har ledig vikariat som styrar i 60% i Dalsbygda barnehage frå dagens dato - 31.12.2026.
Dalsbygda barnehage er plasser i Norddal og har barn frå bygdene Eidsdal og Norddal. Gruppene er oppdelt i ei småbarnsgruppe 0-3 år og ei storbarnsgruppe 3-6 år
Visjon: «Det er oss det kjem an på»Gjennom kunnskap, engasjement og forståing for barn og barndom i dag, vil oss gjennom samarbeid jobbe for å fremje barna si utvikling gjennom leik, venskapsbygging og medverknad. Å være bevisst og reflekterande over eiga rolle i møte med barn har stor betyding for barna si utvikling og trivsel. Å væra ein god rollemodell, ein støttande vaksen, er utslagsgivande for god grensesetting i barnehagen.
Satsingsområde er: Venskap , venskapsbygging, leik, språk og digitale virkemiddel.
«Korleis kan bevisstheit rundt auka bruk av digitale virkemiddel og vaksenrolla i barnehagekvardagen bidra til auka språkutvikling i barnegruppa?» er problemstillinga vi har sett til prosjektarbeidet vårt dette barnehageåret.
Barndomen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Styrar har budsjett, personal og oppfølging av det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
- Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
- Ansvar for arbeidet med HMS
- Ta imot og gi pedagogisk veileding
- Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning med 3-årig høgskule/universitet eller anna høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg kompetanse.
- Relevant arbeidserfaring
- God på planlegging og drift
- God digital kompetanse
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg
- Fleksibel
- Eve til å delegere ansvar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Tillitsskapende med høg integritet
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot
Kontaktinformasjon
Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830Arbeidsstad
Rellingsvegen 836214 Norddal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 5096679417
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 29.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Mariann Ringdal Birkhol
Kommunalsjef Oppvekst og kultur
+47 41867830
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
341cd5a4-863e-4c0a-9a93-18c07ad28ce8
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
69888630dd8f46428b326528e877d6c2