Hopp til innhold

Bilmekaniker

Arbeidsgiver

Gaular Bil AS

Sted

6973 Sande i Sunnfjord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Bilmekaniker
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Bilmekaniker
Erfaren bilmekanikar med fagbrev søkast. Vi lover festlege kundar, gode lunsjar og mykje dårleg humor.

Er du typen som fiksar meir enn du forklarer? Som tek utfordringar på strak arm? Er oppdatert på motorbransjen si utvikling? Då kan det vere deg vi leitar etter!

Hos oss blir du ein del av ein liten, og triveleg Meca- verkstad på Sande. Vi er tre tilsette på verkstaden - to mekanikarar og ei kontordame som prøver iherdig å fikse alt som ikkje handlar om å skru. Vi har det uformelt, men tar jobben vår på alvor. Samtidig set vi pris på folk som gjer ein skikkeleg jobb, og bidrar til godt humør på arbeidsplassen. Vi utfører EU-kontroller (PKK), og reparasjonar på køyretøy opptil 3,5 tonn. Hos oss får du ein variert og spennande kvardag der du får utfordra deg, og utvikla deg med eit godt team og kjekke kollegaer rundt deg.  

Vi håpar du har:

·       Fagbrev som bilmekanikar (lette køyretøy)

·       Erfaring frå liknande arbeid

·       Gode norsk - og engelskkunnskapar

·       Yrkesstoltheit, og likar å levere kvalitet

·       Ynskje om å utvikle deg innan bilteknikk og ny teknologi

·       Gode samarbeidsevner, og er serviceinnstilt

·       Evne til å jobbe sjølvstendig og nøyaktig, og vere kvalitetsbevisst

·       God kjennskap til dataverktøy og diagnoseutstyr

·       Førarkort klasse B

·       Erfaring med EU-kontrollar

Vi tilbyr:

·       100% fast stilling

·       Gode moglegheiter for overtid

·       Fleksibel arbeidstid

·       Konkurransedyktig lønn

·       Kurs og opplæring i Meca - systemet

·       Variert arbeidsdag med kundekontakt og ansvar

·       Eit arbeidsmiljø med låg terskel for latter, og høg standard på arbeid

Slik søker du:

Send oss ein kort søknad og CV – vi vurderer søknader fortløpande.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med oss på telefon eller e-post.

post@gaularbil.no

Mobil: 416 67 396

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denne siden.

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18e613ac-da6d-430c-bf7e-94b5d979698a

Sist endret

6. januar 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4551905

Lignende annonser

Laster lignende annonser