Hopp til innhold

Bli vår nye servicemedarbeidar - Frydenbø Bil Førde

Arbeidsgiver

Frydenbø Bil

Sted

Sanderplassen 1, 6812 Førde

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest fredag 8. mai

Bli vår nye servicemedarbeidar - Frydenbø Bil Førde

Frydenbø Bil Førde søkjer ein servicemedarbeidar som brenn for kundeservice og likar å arbeide sjølvstendig og målretta. Vi ser etter deg som har interesse for bil og som ønskjer å vere ein nøkkelperson i vårt serviceteam.

Som fullskala Audi, Skoda og Volkswagen-forhandlar, arbeider vi med produkt i verdsklasse -- men sjølv dei beste bilane treng regelmessig service og vedlikehald.

Vi tilbyr moderne og romslege lokale med topp utstyr og gode fasilitetar, eit framtidsretta arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling. Du vil få grundig opplæring i alle arbeidsoppgåver som høyrer stillinga til.

Arbeidsoppgåver
  • Sal av verkstadtenester og delar -- via telefon, nett og i butikk

  • Ansvarlig for lagerstyring og logistikk

  • Medverke til planlegging og fordeling av arbeid til servicemekanikarane

  • Profesjonell og tillitsvekkande kundebehandling

  • Kundeoppfølging, inkludert bruk av CRM-system

  • Rapportering og fakturering

Stillinga passar godt for deg som likar å vere i sentrum av drifta, trivst i dialog med kundar og mekanikarar, og ønskjer ei rolle med ansvar og variasjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Strukturert og sjølvstendig -- trivst med høgt tempo og fleire oppgåver samstundes

  • Sterkt kundefokus og evne til å skape gode kundeopplevingar

  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg

  • God bil- og teknisk forståing

  • Digitalt sterk og komfortabel med CRM‑system

  • Positiv, fleksibel og med gode haldningar

Vi tilbyr
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Ein arbeidsplass som verdset innovasjon og kvalitet

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår

  • Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring

  • Støtte til trening

  • Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet

  • Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurset og Mallorca

Velkomen til Frydenbø Bil og Førde

I Frydenbø Bil Førde får du ikkje berre ein solid arbeidsplass, men òg høve til å vere del av eit område kjent for variert natur, gode friluftsmoglegheiter og eit aktivt og inkluderande lokalsamfunn. Førde byr på trygge omgjevnader og gode tilbod for både familiar og enkeltpersonar -- og legg til rette for ein balansert kvardag med høg livskvalitet.

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Stian Sølvberg på telefon 99 20 50 25 -- stian.solvberg@moller.no.

Søknadsfrist: 08.05.2026

Om bedriften

Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.

Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".

Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.

I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde, og i 2025 Slatlem Bilforum i Kristiansund. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a068ae01-4f96-44fa-8e5b-9cbf9f73cedc

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

460106312

Lignende annonser

Laster lignende annonser