Mekanikar? Bli med og bygge mineraleventyret!
ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS
Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Mekanikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Vil du jobbe med noko som er litt større enn deg sjølv?
På Engebø bygger vi no opp eit av dei mest moderne prosessanlegga i verda. Her produserer vi rutil og granat, mineral som blir brukt i alt frå grøne energiløysingar til høgteknologisk industri.
No treng vi fleire dyktige mekanikarar på laget.Dette er ikkje ein “vedlikehaldsjobb på autopilot”.
Her får du vere med å forme, forbedre og bygge opp eit anlegg i drift.
Kva går jobben ut på?
Som mekanikar hos oss jobbar du tett på produksjonen, der ting faktisk skjer.
Du vil blant anna jobbe med:
-
Vedlikehald og reparasjon av maskiner og prosessutstyr
-
Feilsøking og forbedring av mekaniske system
-
Hydraulikk, gir, lager og slitedelar
-
Planlagt vedlikehald og kontinuerleg forbedring
-
Jobbe saman med prosess for best mogleg drift på anlegget
Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som spelar kvarandre gode -- og der erfaring frå golvet betyr noko.
Kven ser vi etter?
Vi treng både deg som er erfaren, og deg som er nyare i faget.
Det viktigaste er at du:
-
Har fagbrev
-
Er den som finn løysingar -- ikkje berre peikear på problem
-
Tek ansvar og jobbar godt saman med andre
-
Har fokus på HMS og kvalitet i arbeidet
Det er ein fordel om du har erfaring med:
-
Hydraulikk og roterande utstyr
-
Knuseverk eller tungt prosessutstyr
-
Truck/kran
Kvifor velje oss?
Dette er kanskje det viktigaste, og her må vi vere ærlege:
-
Vi bygger opp noko nytt. Du får påverke korleis vi jobbar
-
Vi ønsker å gi tilsette moglegheit til å utvikle seg, og satsar på eigne folk
-
Kort veg frå idé til gjennomføring
-
Moderne anlegg og utstyr
-
Sterkt fagmiljø i vekst
Og ikkje minst:
Du vil jobbe i ei næring som blir viktigare, ikkje mindre, framover
Klar for å bli med?
Vi vurderer kandidatar fortløpande, så det er ingen grunn til å vente. Søk no, eller ta kontakt om du vil vite meir om jobben.
Om bedriften
Litt om oss
Engebø Rutile and Garnet er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord og ein del av Nordic Mining.
Vi produserer mineral som verda treng -- og vi gjer det med mål om å vere best i klassen på berekraft og drift.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1c3e1b3c-5fd6-4b8d-b6c6-d5a626367593
- Sist endret
9. mai 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
457561161