Montør -- vil du vere med på laget vårt?
Førde Sementvare AS
6813 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Montør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Er du ein som likar å ta i eit tak, trivs best ute og synest det er greitt å vere litt på farten? Då kan dette vere noko for deg!
Vi i Førde Sementvare søkjer fleire montørar til elementavdelinga vår. Her får du vere med å setje saman bygg frå start til slutt -- og sjå konkrete resultat av jobben du gjer.
Du treng ikkje kunne alt frå før -- har du lyst å arbeide og er motivert, sørgjer vi for nødvendig opplæring.
Kva går jobben ut på?-
Montering av betongelement ute på byggeplass
-
Variert arbeid med alt frå tilpassing til ferdigstilling
-
Samarbeid med andre fagfolk ute i prosjekt
-
Bidra til god framdrift og kvalitet i arbeidet
-
Sikre god kommunikasjon og HMS på byggeplass
-
Du likar fysisk arbeid og å vere ute
-
Du har erfaring med praktisk arbeid
-
Du er fleksibel og kan reise i periodar
-
Du er påliteleg og samarbeidsvillig
-
Har du fagbrev eller erfaring er det topp -- men ikkje eit krav.
-
Førarkort klasse B er nødvendig.
-
Du kan godt norsk, både skriftleg og munnleg
-
Ein variert og aktiv arbeidsdag
-
Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å sjå meir av landet gjennom jobben
-
Opplæring og utvikling undervegs
-
Moglegheit for å ta kurs og fagbrev i bygg- og montasjefaget
Kjenner du deg igjen? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat!
📞 Erik Solheim -- 917 39 262 📧 erik@fsement.no
Søk gjerne i dag -- vi vurderar kandidatar fortløpande.
Siste frist for søknad: 31.05.26.
Om bedriften
Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.
Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.
Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a16459ef-1d31-46d7-ae8e-a57b70570a41
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
462628923