Hopp til innhold

Avdelingsleiar, 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

OPK-FI - Firda vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Firdavegen 21, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane, i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass.

Skulen har 342 elevplassar. I tillegg har skulen ca 100 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider og med nettskulen i Vestland fylke om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca 65 tilsette ved skulen.

Skulen har eit anlegg som er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: musikk, dans, drama, studiespesialiserande, idrett og helsefagarbeidar og tannhelsesekretær utdanning for vaksne. Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrke og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord.

 


Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og som vil bidra med å utvikle profesjonsfellesskapet i skulen.

Den som blir tilsett må ha evne og vilje til å bidra i arbeidet med å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa.

Det vil bli lagt noko undervisning til stillinga. Stillinga er ledig frå 1. august 2026.

 

Ansvarsområde for stillinga:

• I samarbeid med resten av leiargruppa, utvikle skulen i samsvar med formålsparagrafen og skulen sin utviklingsplan.

• Spesielt ansvar for pedagogisk leiing og utvikling av dei tre utdanningsprogramma musikk, dans og drama

• Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane

• Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging

• Tett samarbeid med kulturskulen i kommunen

• Personalansvar for 15-20 lærarar

• Rekruttering av nye elevar

• Produksjonsansvarleg – pådrivar til konsertar, danseforestillingar og dramaoppsetjingar, samt tverrfagleg musikalproduksjon

• Fag og timefordeling med bruk av det skuleadministrative systemet Visma InSchool

• Økonomiansvar

• Vikarhandtering

• Undervisning i aktuelle fag

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha høgare utdanning med pedagogisk kompetanse i tillegg til relevant fagleg kompetanse, fortrinnsvis med undervisningserfaring innanfor eitt eller fleire av utdanningsprogramma musikk, dans eller drama.

  Det er ønskjeleg at du har:

• god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring

• innsikt i og erfaring frå relevante tverrfaglege arbeid og -prosjekt

• innsikt i skuleadministrative system

• erfaring frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne

• gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning

• evne til å vere med og byggje eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling

• kjennskap til lov og avtaleverk

• erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast

• god digital kompetanse

• gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

• er open, nytenkjande og tillitsskapande

• har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert

• har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar

• har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande

• er fleksibel og har evne til å ta initiativ

• let deg engasjere i skulekvardagen

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Vi tilbyr

Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med
høg fagleg kompetanse.

Ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet.

Deltaking og fellesskap i leiargruppa både lokalt og på fylkesnivå.

Løn etter avtale.

Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.

Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom leiarane i fylket.

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no.

Det vert teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det vert òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar. Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid.

Søknadsfrist 07.04.26

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933

Kontaktinformasjon

Tove Hanne Ommedal, rektor, 93093933

Arbeidsstad

Firdavegen 21
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5100523363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 07.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Tove Hanne Ommedal

rektor

93093933

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18e07218-af15-469c-9188-b4850738b413

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a8e1017efaad4b0584dd0a3fd6f1fdd8

Lignende annonser

Laster lignende annonser