Hopp til innhold

Lærar i dansefag - fast stilling

Arbeidsgiver

Firda vidaregåande skule

Sted

Firdavegen 21, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Lærar i dansefag
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 10. april

Vi har ledig inntil 100 % fast stilling, med tilsetting 01.08.2026.

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane, i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar. I tillegg har skulen ca 100 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider og med nettskulen i Vestland fylke om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca 65 tilsette ved skulen.

Skulen har eit anlegg som er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: musikk, dans, drama, studiespesialiserande, idrett og helsefagarbeidar og tannhelsesekretær utdanning for vaksne. Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrke og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse, og evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for våre flotte elevar.

Vedkomande må rekne med å undervise i både praktiske og teoretiske dansefag.

Ein må ha moglegheit til å undervise i teknikkane på ulike nivå.

Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.

Det kan bli aktuelt å halde ein danseklasse for elevane våre i samband med intervju.

Kvalifikasjonar

Høgskule eller universitetsutdanning, bachelorgrad eller mastergrad i fag innanfor praktiske og
teoretiske dansefag.

PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter i dansefaga.

Vi ynskjer særskilt god kompetanse innanfor jazzdans, og gjerne med erfaring i moderne dans /samtidsdans.

Det er ein fordel med erfaring frå undervisning i vidaregåande skule.

Vi ynskjer at søkjaren

• Har didaktisk kompetanse til å møte alle typar elevar

• Har undervisningserfaring frå vidaregåande skule.

• Har erfaring frå det utøvande feltet.

• Kan jobbe prosjektbasert og i team

• Er god på relasjonsbygging og har god evne til å kommunisere

• God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

• Gode kommunikasjonsevner

• Kunne arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre

• Kreativ og løysingsorientert

• Du er engasjert og positiv

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Vi tilbyr

• Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

• Pensjons- og forsikringsordningar

• Godt fag- og arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no.

Det vert teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det vert òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.

Søknadsfrist 10.04.26

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Solfrid Bjørkum tlf 959 72 169 eller rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933

Kontaktinformasjon

Solfrid Bjørkum, avdelingsleiar, 95972169
Tove Hanne Ommedal, rektor, 93093933

Arbeidsstad

Firdavegen 21
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5102672585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 10.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Tove Hanne Ommedal

rektor

93093933

Solfrid Bjørkum

avdelingsleiar

95972169

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

09e0df03-9ae2-4ebf-90d2-291f1f0e63c5

Sist endret

25. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3e3bd491e0e448d9b8dc42d989cffcee

Lignende annonser

Laster lignende annonser