Lærar i dramafag
Firda vidaregåande skule
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar i dramafag
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane, i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar. I tillegg har skulen ca 100 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider og med nettskulen i Vestland fylke om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca 65 tilsette ved skulen.
Skulen har eit anlegg som er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: musikk, dans, drama, studiespesialiserande, idrett og helsefagarbeidar og tannhelsesekretær utdanning for vaksne. Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrke og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse og evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for våre flotte elevar.
Vedkomande må rekne med å undervise både praktiske og teoretiske dramafag.
Arbeid med tverrfaglege prosjekt.
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Det kan bli aktuelt å undervise ei dramaklasse for elevane våre i samband med intervju.
Kvalifikasjonar
Høgskule eller universitetsutdanning, bachelorgrad eller mastergrad i fag innafor praktiske og teoretiske drama og teaterfag.
PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og svært gode didaktisk og pedagogisk ferdighetar i kunstfaga.
Det er ein fordel med erfaring frå undervisning i vidaregåande skule.
Vi ynskjer at søkjaren
• Har fordjuping i eit eller fleire område av teaterfaget
• Har didaktisk kompetanse til å møte alle typar elevar
• Kan jobbe prosjektbasert og i team
• Er god på relasjonsbygging og har god evne til å kommunisere
• Kan arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar
• Gode kommunikasjonsevner
• Kunne arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
• Kreativ og løysingsorientert
• Du er engasjert og positiv
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
• Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
• Pensjons- og forsikringsordningar
• Godt fag- og arbeidsmiljø
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no.
Det vert teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det vert òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Søknadsfrist 10.04.26
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Solfrid Bjørkum tlf 959 72 169 eller rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933
Kontaktinformasjon
Solfrid Bjørkum, avdelingsleiar, 95972169Tove Hanne Ommedal, rektor, 93093933
Arbeidsstad
Firdavegen 216823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5103055599
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 10.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Solfrid Bjørkum
avdelingsleiar
95972169
Tove Hanne Ommedal
rektor
93093933
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ad2e0e16-edaa-4d85-a843-778ba6aa8e1a
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9883d5ab1f9747b4915801a76086ac81