Hopp til innhold

Ungjobb 2026

Arbeidsgiver

Oppvekst, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Ungjobb 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
5
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

UngJobb er eit initiativ frå Ungdomsrådet i Gloppen for å tilby sommarjobb og småjobbar for ungdom frå 8. klasse til Vg2. No i denne omgang kan vi tilby 2 veker jobb i sommar til 5-6 ungdomar. Tidspunkt vert du samd med arbeidsplassen om. Vi tilbyr følgande mogelegheit for jobb sommaren 2026: 

  • Mona barnehage, Sandane - arbeid i barnehagen. Kontaktperson er Else L. Bakkelid
  • Gloppen kommunale kjøkken, Sandane - arbeid på kjøkkenet, søkjar bør helst gå på Vgt1 eller Vg2. Kontaktperson er Jean Daniel Tenud
  • Hyen skule og barnehage, Hyen - arbeid på SFO/barnehage. Kontaktperson er Anne Kristin Eimhjellen.
  • Kyrkja i Gloppen - arbeid på gravplassane, søkjar bør helst vere fyllt 16 år for arbeid med maskiner. Kontaktperson er Audun Mundal

Skriv ein søknad og ta gjerne kontakt med arbeidstadane du kan tenkje deg å jobbe. I søknaden prioriterar du kva arbeidstad du helst vil jobbe på, eller om du er interessert i alle. Du må rekne med at det vert ei jobbsamtale før tilsetting. 

Ungdomsrådet og kommunen inviterer til info og dialog om ungdom i jobb onsdag 29. april kl. 19 i kommunestyresalen. Både ungdom, foreldre, arbeidsgivarar og privatpersonar som kan ha små og store arbeidsoppdrag er velkomne! De får høyre om krav og reglar, og kan stille spørsmål. Veronica Hauge og Landbrukstenester Nordfjord blir med, og det blir info om nokre kommunale sommarjobbar som er ligg ute no. Meir info på kommunen si nettside, under aktuelt: UNGjobb. (https://gloppen.kommune.no/aktuelt-og-nyheiter/ungjobb-mote-om-ungdom-og-jobb.202866.aspx


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og tilpassa din alder alt etter kva arbeidsstad du jobbar på. Du må elles arbeide etter dei rutiner som gjeld  på den aktuelle avdeling.

Kvalifikasjonar

Du treng ingen spesielle kvalifikasjonar anna enn at du er motivert for å jobbe og kan møte opp til avtalt tid og gjere dei oppgåvene du vert sett til. Du vil få nødvendig opplæring. 

Personlege eigenskapar

  • Du går på ungdomsskulen eller på Vg1 eller Vg2  på vidaregåande skule. 
  • Du har ikkje anna sommarjobb frå før.
  • Du er punktleg, fleksibel og kan ta ansvar og initiativ.
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
  • Du kan snakke norsk

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • God opplæring og oppfølging. 

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding i nokre av jobbane. 

 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Kontaktinformasjon

Jean Daniel Tenud, Avd.leiar kjøkken, 99242807
Audun Mundal, Kyrkjeverge, 40280027
Anne Kristin Eimhjellen, Rektor, 92407655
Else Lundestad Bakkelid, Styrar, 97095123
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5110310793
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Per Arne Strand

Kommunalsjef Oppvekst

+47 957 78 875

Else Lundestad Bakkelid

Styrar

97095123

Anne Kristin Eimhjellen

Rektor

92407655

Audun Mundal

Kyrkjeverge

40280027

Jean Daniel Tenud

Avd.leiar kjøkken

99242807

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

09eee016-52ca-4961-89ad-7b465b290c18

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e341b15173ea4a35a3be8609a834be85

Lignende annonser

Laster lignende annonser