Hopp til innhold

Tannlege

Arbeidsgiver

IDI-TH - Årdal klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Sted

Storevegen 21, 6884 Øvre Årdal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tannlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

 

Årdal klinikkområde har ledig 100% fast stilling som tannlege. Tiltredelse så snart som mogleg.

Årdal tannklinikk er ein klinikk for 2 tannlegar, tannpleiar og tannhelsesekretær. Godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. 

Årdal er en kommune i Vestland. Kommunen ligger innerst i Sognefjorden og består av tettstedene Årdalstangen og Øvre Årdal. I tillegg sogner tilstøtende daler til kommunen. Kommunen grenser i nord og vest til Luster, i øst til Vang og i sør til Lærdal. Skagastølstindane ligger på grensen mellom Luster og Årdal kommuner. Toppen av Storen, som er den sydligste av Skagastølstindene, markerer kommunegrensen.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


 


Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege. Oppgi HPR-nummer i søknad.Søkjaren må beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing. Søkjar bør ha bilsertifikat. Avgangskull vår 26 kan også søkje.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Likar å jobbe med menneske og set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til god arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga

Vi tilbyr

Vi tilbyr løn etter avtale med ei minstelønn på 650 000 + rekrutteringstillegg kr 50 000,-. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. 

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på ei slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Mona Ålvik, klinikkleiar (tannpleiar), 47649973
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

Storevegen 21
6884 Øvre Årdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5000467740
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18cdc03a-d60c-4050-ae37-f770cfddec58

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

d2c65bf8fd6b4b8fbe301a8a83752f2c

Lignende annonser

Laster lignende annonser