Hopp til innhold

Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Anlegg og drift

Sted

Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb i uteseksjonen ved Anleggs- og driftsavdelinga?

Vi søkjer ein Fagarbeidar i Uteseksjonen i 100 % fast stilling som fagarbeidar med fagfelt innan anleggsgartnarfaget. Vi ser etter ein person som som har evna til å skape det triveleg og ryddig i sentrum, og andre kommunale områder som avdelinga har ansvaret for.

Avdelinga sorteter under avdeling for samfunnsutvikling, og har pr. i dag sju tilsette. Fire av desse har sitt daglege virke i uteseksjonen med verkstad/brannstasjon som base med pauserom, kontor og garderobefunksjonar.



Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift/vedlikehald av dei kommunaltekniske anlegga i kommunen, som kommunale vegar, avløpsanlegg, hamn, sentrumsområde, parkområde og verkstaddrift
  • Vintervedlikehald, der ein må delta i brøyteberedskapen

Stillinga kan verte tillagt andre arbeidsoppgåver ved behov.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i anleggsgartnarfaget aller anna relevant utdanning
  • Lang erfaring innan arbeidsområdet kan kompensere for utdanningskravet
  • Sertifikat klasse BE og T det er også ønskeleg med C1
  • Ønskeleg med maskinførar sertifikat for hjullaster
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
 

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt, effektiv og er opptatt av kvalitet
  • Sjølvstendig, men må kunne jobbe i team
  • Du må trivast i eit hektisk miljø der planane kan forandrast på kort varsel
  • Vere fleksibel og løysningsorientert
  • Liker å ta ansvar og få ting gjort
  • Det er ønskeleg med gode datakunnskapar innan – SD- anlegg og FDV program

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Moderne kontor/garderobar og verkstad, Sjukeheimsvegen 12
  • Gode pensjonsordningar i KLP

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte innkalla til intervju. 

Kontaktinformasjon

Fred Arnesen, Avdelingsleiar, +47 48897570

Arbeidsstad

Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5081813907
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Fred Arnesen

Avdelingsleiar

+47 48897570

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

184d6868-aa12-4ec7-ac6f-14d05507324a

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a08901f0932046f7834745980033223c

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina

Sted

Hareid