Hopp til innhold

Helsefagarbeider

Arbeidsgiver

Gastroenterologisk og nyremedisinsk post - Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
2. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Hei du!

Vil du gjere ein skilnad – kvar einaste dag? Då kan me freiste med eit 100 % vikariat, ved gastro/nyre sengepost. 

Er du ein helsefagarbeidar som ser mennesket bak sjukdommen – og som skapar tryggleik med ro, varme og god fagleg vurdering? Hos oss møter du pasientar med mage-, tarm- og nyresjukdomar, ofte med samansette behov. Vi ser etter deg som vil vere ein viktig del av kvardagen på sengeposten.

Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse, godt samarbeid. Vi legg vekt på trygg og god pasientbehandling.

👉 Høyrest dette ut som ein plass du kan trivast? Då håpar vi du søkjer – eller tek kontakt for ein uforpliktande prat.

I 2027 flyttar vi inn i heilt nye og moderne lokalar. Det betyr betre flyt i kvardagen, meir funksjonelle fasilitetar og eit arbeidsmiljø som er rigga for framtida – til beste for både pasientar og tilsette.


Kva går jobben ut på?

  • Grunnleggande pleie og omsorg for inneliggjande pasientar
  • Observasjon og rapportering av pasienten sin tilstand
  • Samarbeid med sjukepleiarar og anna helsepersonell
  • Bidra til tryggleik, verdigheit og ei god pasientoppleving
  • Praktiske oppgåver i avdelinga

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsefagarbeidar 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Kva ser vi etter hos deg?

  • Er fagleg engasjert og pasientretta
  • Trivst med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo
  • Er ansvarsmedviten, fleksibel og samarbeidsvillig
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • eit meiningsfylt vikariat i eit spennande fagfelt
  • god opplæring og tett oppfølging
  • bli del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • turnusarbeid med varierte vakter
  • verdifull erfaring innan spesialisthelsetenesta
  • høve til å påverke og vere med i ei utvikling vi er stolte av å vere i gang med

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Anne Emberland, Funksjonsleiar, +47 41635091, anne.emberland@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5065448437
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 02.03.2026
    Sluttdato: 31.12.2026
    Søknadsfrist: 15.02.2026

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    163ff1d1-c650-481d-9e87-5ea6f381c723

    Sist endret

    16. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    376c740040954d5fab849bad231b4826

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser