Hopp til innhold

Er du helsefagarbeidar og ønskjer ein variert arbeidskvardag i nevrologisk avdeling?

Arbeidsgiver

Nevrologisk post Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
7. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. mars

Vi har glede av å kunne lyse ut eit vikariat i 100 % stilling. Nevrologi er eit spennande fagfelt som stadig er i utvikling. 

Vi behandlar både akutt og kronisk sjuke pasientar. Avdelinga arbeider med oppgåvefordeling som inneber nye og spennande oppgåver for helsefagarbeidarar, som f.eks PVK-innlegging, handtering av intravenøs væske og urinkateterisering. 
Det er hos oss viktig å sjå det heile mennesket, både dei fysiske problema, men også dei psykososiale. Å jobbe hos oss gir varierte arbeidsdagar, kontakt med gode kollegaer, og ansvar for både pasientar og deira pårørande.

Nevrologisk avdeling består av poliklinikk, EEG laboratorium og ein sengepost. På sengeposten har vi per dags dato 14 sengeplassar, 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon.  Vi har fokus på akutt behandling og tidleg rehabilitering. Vi har derfor tett samarbeid med andre faggrupper som fysio-ergo-terapeut, logoped med meir. Kursdagar og personalmøte ligg fast i turnus.

Virkar dette interessant for deg? Då håper vi du vil søkje hos oss.

Oppstart etter avtale. 


Kva går jobben ut på?

  • Mottak og oppfølging av pasientar.
  • Inngå i tverrfagleg samarbeid for å gi pasientane best mogleg opphald på avdelinga.
  • Gi omsorg til pasient og pårørande.
  • Opplæring og rettleiing av pasient og pårørande.
  • Veilede lærling innan helsefag.
  • Utføre praktiske prosedyrer.
  • Kurs i oppgavefordeling (PVK, SIK, sondeernæring etc).

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsefagarbeider.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske -statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Gode IKT - kunnskapar.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har motivasjon og er interessert i fagfeltet
  • er punktleg og påliteleg
  • bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
  • har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • kan arbeida sjølvstendig og i team
  • kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein spennande og utfordrande arbeidsplass.
  • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomstar
  • Fagleg utvikling gjennom kursdagar i turnus og dessutan moglegheit til å delta på kurs.
  • Gode pensjon-og forsikringsordningar.
  • Verneombud, TV NSF ,TV fagforbundet i egen avdeling.
  • 2 delt turnus(dagtid og kveldstid). Opplæring på natt kan forekomme.


Kontaktinformasjon

Håvard Lauritsen Øvrebø, Funksjonsleiar, 94841871, havard.lauritsen.ovrebo@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5094527038
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 07.04.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 26.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Håvard Lauritsen Øvrebø

Funksjonsleiar

94841871

havard.lauritsen.ovrebo@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

727b697b-d62c-4019-ac56-3e8b12928e85

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b2da765fc7c24274a1558a91f0b49fc0

Lignende annonser

Laster lignende annonser