Hopp til innhold

Vil du jobba på Voss hjå Noregs største smykkeprodusent?

Arbeidsgiver

Sylvsmidja

Sted

Peter Bondes veg 78, 5704 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Innhaldsprodusent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Har du eit auge for estetikk, skapar engasjerande innhald og veit kva som fungerer i sosiale medium? Som innhaldsprodusent får du utfalda deg kreativt med foto, video og tekst, og vil vera ein viktig ressurs i Sylvsmidja sitt arbeid med merkevarebygging og historieforteljing. Om oss

Sylvsmidja på Voss er ei familieeigd handverksbedrift med om lag 70 tilsette, og er Noregs leiande produsent av bunadsølv. Me lagar også andre edelmetallprodukt retta mot smykke- og gåvemarknaden, både i Noreg og internasjonalt.

Om stillinga

Som innhaldsprodusent vil du ha ansvar for å laga innhald til sosiale medium, med mål om å styrkja merkevara, skapa engasjement og bidra til sal.

Du vil òg bidra med innhald til nettsida og nettbutikken vår, saman med resten av sal- og marknadsavdelinga.

Du vil få moglegheit til å jobba med spanande prosjekt på tvers av avdelingar, og samarbeida med byrå og andre eksterne partnarar.

Om deg

Du er ein omgjengeleg person som er god på å byggja relasjonar og som tek initiativ. Du er full av idéar og har eit godt auge for estetikk og formidling.

Innhaldsmarknadsføring er noko du brenn for, og du likar å halda deg oppdatert på trendar og utvikling i faget. Du har forståing for korleis godt innhald bidreg til både merkevarebygging og sal.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for sosiale medium, både organisk og betalt

  • Community-ansvar og samarbeid med eksterne innhaldsskaparar

  • Innhaldsplanlegging, multimedia-produksjon og publisering på tvers av kanalar og format

  • E-postmarknadsføring, B2C og B2B

  • Evaluering og rapportering for kontinuerleg forbetring

Me ser etter deg som
  • Har evne til å produsera nyttig innhald som engasjerer emosjonelt

  • Trivst både framfor og bak kamera

  • Kan sosiale medium ut og inn og held seg oppdatert på trendar, nye funksjonar og beste praksisar

  • Er ein sterk visuell formidlar med god erfaring i verktøy for bilde- og videoredigering, både på desktop og mobil

  • Kan skriva engasjerande og inspirerande tekstar på nynorsk og engelsk

  • Har kjennskap til e-handel og forstår samspelet mellom innhald, merkevare og sal

  • Har analytiske ferdigheiter og kan bruka innsikt til å optimalisera innhald og måla effekt

Me tilbyr
  • Fast jobb i ei solid verksemd i aktivitetsbygda Voss

  • Ein kreativ og variert arbeidskvardag

  • Moglegheit for kompetanseutvikling

  • Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med marknadssjef, Maria Liv Gjerstad på tlf. 997 15 852 eller dagleg leiar, Trond Syversen på tlf. 992 07 188.

Send søknad med CV på e-post til: maria.gjerstad@sylvsmidja.no innan 30. januar 2026

Om arbeidsgiveren

Med kjærleik for faget har me i 85 år laga smykke av ypparste kvalitet i verkstaden vår på Voss. I dag er me den leiande tilverkaren av det som får bunader til å blenkja, og i tillegg lagar me produkt retta mot smykke- og gåvemarknaden. Salet av produkta våre skjer i hovudsak i Noreg, men me jobbar òg med ei spanande satsing internasjonalt og har fleire innovasjonsprosjekt gåande. Verksemda vår har 70 tilsette og ein årsomsetnad på ca. 130 mill.

Om bedriften

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

163ec0ee-ea2e-435c-ae08-5ede0d89f38c

Sist endret

31. januar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

444926088

Lignende annonser

Fagarbeidar og/eller assistent

Arbeidsgiver

Voss herad Skulestad skule

Sted

Skulestadmo