Hopp til innhold

Er du glad i tall, mennesker og smarte løsninger?

Arbeidsgiver

ØKONOMISENTERET VOSS AS

Sted

5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Økonomikonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Frist: Vi behandler søknader fortløpende

Er du ein erfaren økonom –gjerne med rekneskapserfaring - eller ynskjer å verta det? Likar du økonomi, ansvar, kundekontakt og ein variert kvardag der du kombinerer økonomifag med smarte, digitale løysingar ? Då kan detta væra jobben for deg. Til våre kontor på Voss/Aurland søkjer me no etter ny kollega. Du kan gjerne ha med deg god utdanning og erfaring, men det er ikkje eit krav – då det viktigaste for oss er at du er topp motivert for å utvikle deg vidare og har stor interesse innanfor økonomi, rekneskap og forretningsdrift. Det viktigaste er viljen til stadig utvikle sin kompetanse, være nysgjerrig på endringar, likar kundedialog og motiverast av å gjera leveransane våre endå betre ved hjelp av teknologi og gode arbeidsprosessar. Hjå Økonomisenteret Voss/Accountor Voss vert du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der me heiar på kvarandre og delar kunnskap. Vert med du og!

Dine oppgåver vil mellom anna vera: 

• Kundeansvar, kundedialog. 

• Rekneskap, avstemming og rapportering – med fokus på kvalitet og e ektivitet. 

• Hjelpa kunden med interne prosesser og rutinar. 

• Bidra til forbetring av våre tenester, gjennom automatisering og bruk av digitale verktøy 

• Arbeidsoppgåver tilpassast kompetanse, erfaring og ynskje om utvikling. 

 

Me ser for oss at du har: 

• God systemforståing og nøyaktig arbeidsmåte 

• Ein positiv haldning og motivasjon til å bidra i eit fagleg sterkt miljø 

• Du er nysgjerrig, likar fagleg utvikling og håndtera ein variert arbeidskvardag med tempo. 

• Du har gjerne erfaring innanfor rekneskap, controller, rapportering, lønskjøring, osv. 

• Gode IT-kunnskapar. Hjå oss får du: 

• Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer 

• Eit miljø der me heiar på kvarandre og deler kunnskap 

• Høg grad av sjølvstende og tillit • Konkurransedyktige vilkår og eksibel arbeidstid • Arbeidsstad: Vangsgata, Voss (alternativt i Aurland) 

• Oppstart etter avtale 

 

Tre gode grunnar til å jobba hjå oss 

1. Du vil få moglegheit for utvikling – fagleg og personleg. Me er lidenskapleg opptatt av gode tenesteleveransar, ha tilgang til dei beste systema og av å utvikla både oss sjølv og kollegaene våre. 
Hjå oss får du både støtte og moglegheiter– og kor langt du vil nå påverkar du i stor grad sjølv. 
Du treng ikkje å kunna alt frå start – det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å stadig utvikle deg for slik å bli kundens beste ven. Me møter deg der du er, og gjev deg støtte, ansvar og utfordringar i takt med utviklinga di. 
2. Du vert ein del av eit team med godt sosialt miljø. Hjå oss jobbar du aldri åleine. Du har alltid kollegaer å sparre med, diskutera løysingar med – eller få hjelp når du treng da. Me legg stor vekt på tryggheit, trivsel og det å kunna væra seg sjølv på jobb. 
3. Du har moglegheit til å væra med å påverka vår utvikling. Ein av våre verdiar er open kommunikasjon. Me heiar på dei som seier kva dei meiner, kjem med innspel og ynskjer å vera med på å utvikla oss som selskap. Me ynskjer medarbeidar som vil være med å utvikla arbeidsplassen og selskapet vidare. 


Me trur du har ein positiv innstilling og smiler sjølv om det er hektisk, noko det ofte er rundt lønskøyringane.  Du er organisert, strukturert og nøyaktig – og set di ære i riktig lønn til riktig tid. Kundar og kollegaer trivs med korleis du samarbeida og kommunisera. Du planlegg og nyttar ressursar e ektivt, og er komfortabel med digitale verktøy for å forbetre arbeidsprosessar. Engasjemang og læringsvilje veie tungt – resten hjelper me deg med. Oppstart: 
 

Etter avtale Søknadsfrist: 14.06.2026. 

Vil du vera med og kombinera økonomi og teknologi i eit framtidsretta fagmiljø? 
 

Send oss søknaden din – me gler oss til å høyre frå deg! Kontaktperson: Margit Karin Himle Tlf: 97 65 40 07 E-post: margit.himle@accountor.no

Kontaktperson for stillingen

Margit Karin Himle

Økonomikonsulent/Selskapsrådgjevar

97654007

margit.himle@accountor.no

Om bedriften

Økonomisenteret Voss AS er eit lokalt eigd økonomi kontor med til saman 16 dyktige medarbeidarar, fordelt på våre kontor på Voss og i Aurland. Me leverer rekneskap, løn og rådgjevingstenester til kundar i mange bransjar, og har eit sterkt fokus på god service, fagleg tryggleik og menneskelege verdiar. 

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6ec5b0a2-3b46-4e3c-b3cd-2d96f4879a8c

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

recman

Referanse

478646

Lignende annonser

Laster lignende annonser