Ledig stilling hjå Voss Rekneskap AS
Voss Rekneskap AS
Uttrågata 23B, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Rekneskapsfører med eller utan autorisasjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. juni
Me i Voss Rekneskap AS søkjer etter positive, fleksible og engasjerte medarbeidarar, både erfarne og nyutdanna, som vil vera med på laget vårt!
Om oss:Voss Rekneskap AS er eit autorisert rekneskapsførarselskap med 6 tilsette. Me er eit lokalt rekneskapskontor, med eit triveleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Me har kundar innan ulike bransjar og organisasjonsstrukturar, som landbruk, aksjeselskap og enkeltpersonføretak. Rekneskapsbransjen er stadig i endring, med auka digitalisering og automatisering. Voss Rekneskap har fokus på å følgje utviklinga, for å tilby kundane våre dei beste løysingane tilpassa deira behov.
Arbeidsoppgåver:
• Rekneskapsføring og avstemming
• Årsoppgjer og rapportering
• Lønshandtering
• Rådgjeving og kundekontakt
Kvalifikasjonar:
• Utdanning innan rekneskap, økonomi eller tilsvarande
• Gjerne erfaring frå rekneskapsarbeid, men me oppmodar også nyutdanna til å søka
• Gode datakunnskapar, gjerne innan rekneskapssystem
• Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
• Positiv og fleksibel med gode samarbeidsevner
Me tilbyr:• Konkurransedyktige vilkår
• Gode utviklingsmoglegheiter
• God opplæring for nyutdanna
• Triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
• Fridom under ansvar
Arbeidsstad: Voss
Tiltreding: Etter avtale
Send søknad og CV til espen@vossrekneskap.no innan 19.06.2026 eller ta kontakt med Espen Mørkve på telefon 916 31 106 for ein uforpliktande prat.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b653892d-0af9-4d5a-9e9d-6189174a8505
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
465588953