Ungdomskoordinator - Bergen
Konfliktrådet
5017 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ungdomskoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 3. juni
Ungdomskoordinator ved Konfliktrådet Vest, kontorstad Bergen
Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og har eit særskilt ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Sekretariatet for konfliktråda har det faglege og administrative ansvaret for landet sine 12 konfliktråd. For meir informasjon om konfliktråd og tenestene våre, sjå www.konfliktraadet.no
Konfliktrådet Vest har 15 ansatte, ca. 35 oppnevnte konfliktrådsmeklere og har kontorsteder i Bergen og Førde.
Om stillinga
Konfliktrådet Vest er i vekst, og vi søkjer derfor ein ungdomskoordinator med ansvar for straffegjennomføring i 100 % fast stilling. Brenn du for å gjere ein skilnad og bidra til eit viktig samfunnsoppdrag? Dette er ei unik moglegheit til å skape positive endringar for ungdom som har gjort seg skuldige i kriminalitet, og vere med på å forme vegen deira vidare.
Stillinga har kontorstad i Bergen. Vi er eit felles kollegium som samarbeider, avlastar kvarandre og deler erfaringar og fagkunnskap.
Stillinga som ungdomskoordinator er ein lovregulert funksjon med ansvar for gjennomføring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, jf. konfliktrådslova kap. IV.
Som ungdomskoordinator skal du setje saman og leie eit oppfølgingsteam rundt ungdommen og utarbeide ein ungdomsplan med tiltak ungdommen forpliktar seg til å følgje. Dette skal gjerast i tett samarbeid med ungdommen, verja til ungdommen, det private nettverket og offentlege instansar som politi, barnevern, skule, kriminalomsorg og helsetenester m.m. Du må derfor meistre og trivast i skjeringspunktet mellom straff og hjelp.
I tillegg har ungdomskoordinator ansvar for å leie lokale koordineringsgrupper som hjelper påtalemakta i vurderinga av om ungdomsreaksjon er eigna for den enkelte ungdommen. Gjenopprettande prosess er også eit viktig element i straffereaksjonane, og du skal bidra til at det blir arbeidd gjenopprettande gjennom heile straffegjennomføringa.
Ungdomskoordinatoren skal òg bidra elles i drifta i konfliktrådet gjennom sakshandsaming, utoverretta verksemd, kunnskapsutvikling og gjennomføring av fagarrangement. Medarbeidarane på kontoret samarbeider tett og deler erfaringar og fagkunnskap for å sikre ein einskapleg praksis med god kvalitet. Personleg eignaheit vil bli tillagt særleg vekt.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Det er ein fordel om du i tillegg har:
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Generelt
Kontorstad er Bergen, men stillinga inneber oppgåver i heile området til Konfliktrådet Vest. Du må rekne med ein del reiseverksemd, og det er derfor ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeidstid utanfor ordinær kontortid kan førekome, då enkelte møte blir gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkjarar med nedsett funksjonsevne, har attest som overtalig i staten eller hol i CV-en, men som elles oppfyller kvalifikasjonskrava til stillinga, er oppmoda til å søkje.
Stillinga krev at det blir lagt fram utvida politiattest utan merknader.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte fungerande konfliktrådsleiar Mona L. Hammerfjeld, tlf. 97 51 33 36 / e‑post: mona.hammerfjeld@konfliktraadet.no
Søknadsfrist: 03.06.26 Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og relevante attestar blir lasta opp som vedlegg til søknaden.

- Fullført utdanning på bachelornivå
- Minimum to års relevant arbeidserfaring, til dømes erfaring frå arbeid med barn eller ungdom, sosialt arbeid, kriminalitetsførebygging eller straffegjennomføring
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du i tillegg har:
- Erfaring med å leie team
- Arbeidserfaring frå offentleg forvaltning
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og relasjonsbygging med eksterne aktørar
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- God på kommunikasjon og evne til å snakke med både ungdom og vaksne om vanskelege tema
- Evne til å motivere til endring
- Evne til å jobbe sjølvstendig og samstundes vere ein god lagspelar
- Stor arbeidskapasitet og evne til å stå i krevjande saksarbeid over tid
- Du arbeider sjølvstendig, er strukturert, fleksibel og kreativ
Vi tilbyr:
- Betydeleg innsikt i regionen og ei brei kontaktflate
- Moglegheita til å utgjere ein skilnad og gjere ein jobb som har stor betydning for samfunnet – vi bidreg til å skape positive endringar
- Løn som rådgivar, stillingskode 1434, i lønnsspennet kr 620 000–700 000, avhengig av kvalifikasjonar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
Generelt
Kontorstad er Bergen, men stillinga inneber oppgåver i heile området til Konfliktrådet Vest. Du må rekne med ein del reiseverksemd, og det er derfor ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeidstid utanfor ordinær kontortid kan førekome, då enkelte møte blir gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkjarar med nedsett funksjonsevne, har attest som overtalig i staten eller hol i CV-en, men som elles oppfyller kvalifikasjonskrava til stillinga, er oppmoda til å søkje.
Stillinga krev at det blir lagt fram utvida politiattest utan merknader.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte fungerande konfliktrådsleiar Mona L. Hammerfjeld, tlf. 97 51 33 36 / e‑post: mona.hammerfjeld@konfliktraadet.no
Søknadsfrist: 03.06.26 Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og relevante attestar blir lasta opp som vedlegg til søknaden.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
163c430d-4ed6-463b-a80b-687352801874
- Sist endret
13. mai 2026
- Hentet fra
sap
- Referanse
1280